Sommarjobb på Avdeling for spesialisert psykosebehandling

Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) tilbyr utgreiing, behandling og pleie av pasientar med psykose i ulike faser.

Vi har ansvar for lavterskeltilbod og utgreiing av unge med psykosesymptom, samt døgnbehandling av akutte psykosar og psykosar med komplisert forløp. Vi har òg utgreiing av alvorleg psykisk liding ved utviklingshemming / - forstyrringar.

Søk sommarjobb Sommarjobb hovudside

Avdeling for spesialisert psykosebehandling treng vi sommarvikarar til følgande seksjonar:  

Seksjon S3

Vi er ein lukka akutt korttidspost med 9 sengeplassar, som driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar. Pasientgruppa er variert, og læringssituasjonane er mange. Miljøpersonalet er sammensatt av sjukepleiarar og vernepleiarar med og utan vidareutdanning, helsefagarbeidarar og assistentar.

Som ferievikar hos oss vil ein få god opplæring, der ein går på topp av grunnturnus dei første vaktene. Saman med eit kjent personale går ein igjennom informasjonhefte, sjekklister, ulike e-læringskurs og opplæring i spesifikke rutiner. Ein vil blant anna kunne få delta i teamarbeid, få ansvar for medikamenthåntering (gjeld kun spl/vpl), og ein blir tildelt miljøkontakt ansvar for ulike pasientar med varierte behov.

Arbeidsmiljøet ved seksjonen er godt, med fokus på å vere løysingsfokuserte, støtte kvarandre og godt samarbeid. Trivselen er svært god, og ein prøver å ha sosiale samankomstar utanom jobb.

Seksjon S4

S4 er ei lukka avdeling med 12 sengeplassar. Vi har også ei skjerma eining med skjermingsrom, isolat og belterom for særskilt krevjande pasientar. Vi held til i 1. etasje i hovudbygget på Sandviken Sjukehus.  

På seksjonen er det ansett sjukepleiarar og vernepleiarar, både med og utan vidareutdanning i rus og psykiatri. Vi har fleire helsefagarbeidarar og ein gjeng dyktige assistentar som har jobba hjå oss lenge. På dag og kveld er vi 8 personale på jobb, på natt er vi 4. Vi tilstrebar at minst halvparten på kvart skift skal vera menn. Vi tek personalet si tryggleik på alvor og alle ber alarm. Vi er også ein del av ei vaktstyrke som rykkjer ut om alarmen skulle gå på andre postar på huset.

Som sommarvikar hos oss vil du bli godt tatt imot og få rettleiing av personale med erfaring. Du vil få minimum to opplæringsvakter. Du vil jobbe som miljøpersonale og få ansvar for oppfølgjing av 1-2 pasientar kvar vakt. Med ansvar for oppfølging meiner ein å delta i samtale med behandlar, følgje pasienten til diverse aktivitetar (trening, tannlege, butikk, etc), hjelpa pasientane med daglegdagse gjeremål som sengeskift, personleg hygiene, måltid mm. Du vil også skrive rapport for dei pasientane du er kontakt for etter kvar vakt.

Vi har eit godt arbeidsmiljø som ber preg av ein tett og open dialog mellom kollegaer og behandlarteamet. Vi ynskjer at alle skal kjenne seg høyrt og kan kome med innspel. Vi er omtrent halvparten menn/kvinner ansett og dette gjer sitt til at miljøet blir bra. 

Seksjon S5

S5 er ein lukka seksjon som behandlar pasientar med psykose. Vi er ei samansatt personalgruppe som er  stolt av vårt gode arbeidsmiljø.

 

Dei som jobbar hjå oss må trives i ein travel kvardag. Opplæring blir gitt med fokus på pasientkontakt, kommunikasjon og tilnærming til pasientar med psykoselidelse. Vi er godt, fagleg bemanna gjennom heile sommaren og ein representant frå leiinga vil vera tilstades under heile ferieavviklinga.

Seksjon M2

M2 er ein seksjon med 9 lukka plassar som behandlar pasientar med alvorlege psykoselidingar og omfattande funksjonssvikt. Hovudregelen er at pasientane er over 30 år og har tidlegare utgreiing og sjukehistorie som viser trong for lengre tids opphald på sjukehus. Behandlingsopplegget vert individuelt tilpassa kvar enkelt pasient og vi legg vekt på størst mogeleg grad av medverknad frå pasienten sjølv.  

Personalgruppen består av sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og pleieassistentar.

Oppgåvene består av oppfølging av pasientane i det daglege (sjå pasient sin behandlingsplan/ukeplan). Det  inneber alt ifrå utdeling av medisiner (sjukepleiar/vernepleiar), aktivitetar med pasientane, og andre rutinemessige oppgåver i avdelinga som tilbereding av måltid, rydding, vask av klede, osv.

Vi har som regel fem stk på jobb på dag og kveld, samt tre på nattevakt. Det er mogleg å få tredelt turnus som ferievikar dersom det er ønskeleg.

Sommaren er ein fin tid hos oss. Vi er masse ute, så lenge veret tillet det. Grillkvelder er mellom anna særs populært. 

Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og finn på mykje kjekt saman, også på fritida. 

Alle nyansatte og vikarer får tildelt ein «fadder», dette sikrar god oppfølging og ein trygg oppstart for den som er ny hos oss. 

Seksjon TPM

TPM (Tidleg psykose, Martens) er ei lukka avdeling for unge vaksne (18–30 år) med tidleg oppdaga psykose og rusliding. Vi har plass til åtte pasientar. Snittliggetida er 4 mnd.

Vi gjennomfører utgreiing, stabilisering, rus– og psykosebehandling, sikrar oppfølging av annan hjelpeinstans og utskriving til eit mest mogleg eigna butilbod. Avdelinga sitt mål er å skape eit trygt miljø rundt dei som er pasientar.

Hovedoppgaven for alle som arbeidar i miljøet er å skapa allianse og gode relasjoner med pasientane som igjen gjer det mogleg å få til endring av rusvaner og fravær /demping av psykosesymptomar.

Vi trenger sommervikarar i 100% i perioden 22.6 til 23.8. Vikarane må kunne arbeide minimum 6 veker i perioden.  Turnus vil innebere arbeid kvar 2 eller 3 helg.

Seksjon TPS

TPS (Tidleg psykose, Sandviken) held til i nye bygg på Sandvikenområdet. Målgruppa er unge menneske i alderen 15-30 år, med mistanke om psykose. Tilbodet består av utgreiing av psykoseliding, oppstart av medikamentell behandling og miljøterapi. Det blir lagt vekt på fysisk aktivitet, både gruppe og individuelt. Det er lagt til rette for forsking, og det blir gitt tilbod om psykoedukativt familiearbeid.  Vi har til vanleg 12 sengeplasser, for tida 8.

Vi legg vekt på at det skal vere ei roleg og vennleg atmosfære i posten, kor både personale og pasientar kjenner seg inkludert og ivaretatt. 

Behandlinga tilretteleggast individuelt rundt kvar ungdom, og her er observasjonar viktig dokumentasjon i utgreiinga. Sommervikarane sine oppgåver er å vere tilgjengelig for pasientane i fellesmiljøet, delta i ulike praktiske oppgåver og følge opp enkeltpasientar på sine skift.