Sommarjobb på Avdeling for rusmedisin

Avdeling for rusmedisin (AFR) tar imot og behandlar alle tilvisingar til rus- og avhengigheitsbehandling, også kalla tverrfagleg spesialisert rusbehandling, i Helse Bergens opptaksområde.

 
Søk sommarjobb Sommarjobb hovudside

Avdeling for rusmedisin treng sommarvikarar til følgande seksjonar: 

Legemiddelassistert rehabilitering, LAR

 

Pasientane i LAR er tidlegare heroinavhengige som ved dagleg bruk av legemidlene Metadon eller Buprenorphine slutter med heroin, og som då kjem i posisjon til oppfyljing og behandling for samtidige andre sjukdommar og livsproblem. Seksjon LAR har ansvar for behandlingen av nær tusen pasientar i LAR og er organisert med poliklinikkar i kvar bydel i Bergen. 

Pasientane møter ved poliklinikken fleire dager per veke for overvåka inntak av sitt 

LAR-legemiddel og oppfylgjingssamtale, primært ved pasientansvarleg spesialrådgjevar, som oftest er sjukepleier, sosionom eller vernepleier av profesjon. Det er knytta både psykolog og lege til poliklinikkane, og det er etablert samarbeid med kommunale rehabiliteringstilbod og sjølvhjelpsgrupper. 

Ein jobber i tverrfaglege team i gode arbeidsmiljø på poliklinikkane. Arbeidsdagen er frå kl 8.00 – 15.30, mandag til og med lørdag. 

Vi søkjer både sjukepleirar og vernepleiarar  til alle våre poliklinikker. Dei er plassert i Arna, Eidsvåg i Åsane, Fyllingsdalen, Møllendalsveien og i Bergenhus, samt på Laksevåg og på Nesttun. Alle sommervikarer får to dagers opplæring før fyrste ordinære arbeidsdag. 

Seksjon Askøy

Seksjon Askøy består av fire heildøgnspostar. Tre behandlingspostar og ein stabiliseringspost.  På dagtid er det i hovudsak sjukepleiarar og vernepleiare på jobb, 2-3 personale i kvar post, samt ein teamleiar og ein psykolog. 

 

På kveld er det 5 personale fordelt på dei einskilde postane. Minimum to av desse skal vere sjuke/vernepleiarar. På natt er det to miljøpersonale, min 1 av desse sjuke/ vernepleiar.  

Vi arbeider i to-delt turnus, med arbeid kvar tredje helg.  Nattevaktene går eigen turnus. 

Seksjonen behandlar alle typar rusmiddelavhengighet hjå vaksne, og pasientane er i behandling over ein lengre periode.  Stabiliseringsposten skil seg ut ved at pasientane er  innlagt ein kortare periode, som ein del av eit akuttforløp.  Her er målet å avklare vidare behandlingsbehov.

Som sommarvikar vil du få arbeide i team med miljøterapeutar, psykologar, lege og anna helsfaglegutdanna personale.  Du vil få opplæring av erfaren personale gjennom opplæringsvakter.  Gjennom heile sommaren vil vi samle personalet jevneleg for gjennomgang av ulike problemstillingar som er vanleg på ein rusinstitusjon, fagleg påfyll mm. 

Behandlinga samansett av fleire type tilbod,  her er individuell oppfylging av pasientane, vidare gruppeterapi, fysisk aktivitet og  miljøterapi.

Som tilsett kan vi tilby eit spanande arbeid, i eit godt miljø i vakre omgjevnader. Her vil du finne høg fagkompetanse og gode vilkår for personleg og fagleg utvikling.  


Seksjon Tertnes

Seksjon Tertnes tar imot pasientar som blir innlagde utan eige samtykke (tvang) etter §§ 10-2 og 10-3 i helse- og omsorgstenestelova.  Det er 10 sengeplasser fordelt på to sengeposter. Pasientar på seksjon Tertnes har eit livstruande narkotika- eller alkoholmisbruk, og dei kan vere innlagde på posten i inntil tre månader.  

 

I november 2014 opna ein ny sengepost for frivillig behandling av gravide med ruslidingar og familiar med barn i alderen 0-6 år, der ein eller begge foreldra har ei rusliding. Det er 5 sengeplasser. Posten har også ambulante / polikliniske tjenester. 

Vi har  tilsette i eit tverrfagleg team  med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeut, ergoterapeut, hjelpepleiarar, jordmor, lege og psykolog. Det er totalt 63 ansatte. 

Alle sommervikarar får 2 dagers opplæring før ordinær vakt. Den enkelte får opplæring som er tilpassa kompetansen.  Det er godt og tett samarbeid mellom dei 3 sengepostane. Arbeidsmiljøet har fokus på å gjere kvarandre gode og det er  positive medarbeidarar som ønskjer det beste for kvarandre og pasientane.