Sommarjobb på Augeavdelinga

Augeavdelinga er ei spesialavdeling som behandlar og greier ut sjukdom og skade i alle delar av auget. Sommarvikariat vil gi deg verdifull arbeidserfaring som sjukepleiar. Her må du både arbeide sjølvstendig og være ein god teamarbeidar.

 

​​​​​​​​​Augeavdelinga har eiga operasjonsavdeling med vaktordning, sengepost, poliklinikk og dagkirurgisk eining. Avdelinga tilbyr kirurgi, medisinsk behandling og utgreiing av ulike augelidingar. Pasientgruppa varierer i alder og funksjonsnivå.

Søk sommarjobbSommarjobb hovudside

Du vil få erfaring med blant anna pre- og postoperativ sjukepleie, smitteisolering, og lære om augesjukdommar som du vil ha nytte av å kjenne til også ved arbeid i andre deler av helsetenesta.

Sengeposten
Sengeposten har om sommaren seks sengeplassar. Dei fleste av pasientane om sommaren vert innlagde for øyeblikkelig hjelp i samband med skadar eller akutt oppstått augesjukdom. Avdelinga har fleirregionsfunksjon og tar imot akutte augepasientar frå eit større geografisk område. Vi har òg ein del pasientar som går til regelmessig infusjonsbehandling i sengepost om sommaren.

Akutte augepasienter kjem direkte til Augeavdelinga og vert ikkje innlagde via Akuttmottak. Som sjukepleiar tar du imot pasienten saman med vakthavande augelege og er med i heile forløpet. I samarbeid med vaktlege handterer du også ein del polikliniske pasientar frå legevakt.

Om sommaren har sengeposten tre sjukepleiarar på dagvakt, to på kveldsvakt og to på nattevakt.

Opplæringsvakter til vikarar
For sommervikarane på sengepost kan vi tilby tre-fire opplæringsvakter, og dei går stort sett vakter saman med erfarne tilsette, slik at ein er sikra god oppfølging som nytilsett hos oss. Førehandskunnskap om augesjukdom blir ikkje forventa, nødvendig opplæring blir gitt.

Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø og har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare vikarar og studentar i praksis. Personalet her er ei fin blanding av erfarne og yngre sjukepleiarar, som alle gjerne vil dele av sin fagkunnskap - noko som bidrar til godt læringsmiljø for vikarar.