Sommarjobb på Ortopedisk avdeling

Ved Ortopedisk avdeling behandlar vi pasientar med sjukdommar og skadar i muskel- og skjelettsystemet.

 

Søk sommarjobb

Sommarjobb hovudside Meir om Ortopedisk avdeling

Ortopedisk avdeling ved Haukeland består av tre sengepostar: 

  • Ortopedisk post Vest: Behandlar kompliserte skadar og følger etter skadar
  • Ortopedisk post Øst: Behandlar ryggbrot, spreiing av kreft til rygg og skjelett, skeivstillingar og slitasje i ryggen. Stenger dleer av sommaren.  
  • Ortopedisk post Syd: Behandlar primært pasienter som har gjennomgått hoftekirurgi og protesekirurgi.


Alle sengepostene behandler pasienter med generelle ortopediske problemstillinger. Vi har et tett samarbeid med mottaksklinikken og medisinsk avdeling.

Kvar seksjon har eigen seksjonsleiar og ass.seksjonsleiar, men felles avdelingssjef for sjukepleietjenesta. Dei tilsette tilhøyrer kvar sin seksjon, men må pårekne å arbeide på alle seksjonar. Hos oss jobbar fleire yrkesgrupper, både legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og fysioterapeutar.

Seksjonane har til saman 60 senger, men om sommaren er kapasiteten 40 senger. Sjukepleiarane jobbar i tredelt turnus. Om sommaren har vi ingen planlagt aktivitet, berre augeblikkeleg hjelp.

Vi søker sjukepleiarar som:

  • Liker å arbeide i ei avdeling med til tider høgt tempo
  • Set pris på godt arbeidsmiljø og som ønsker å vere med å vidareutvikle dette
  • Ønsker å arbeide i ei fagkompetent avdeling.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.