Sommarjobb på Nevroklinikken

Ved Nevroklinikken greier vi ut og behandlar pasientar med sjukdomar i hjerne, ryggmarg, nervar og musklatur. Vi treng sommarvikarar til fleire av sengepostane våre.

 
Ergoterapeut søkes til ferievikariat

Søk sommarjobb Sommarjobb hovudside

Nevroklinikken består av post 2, post 3, post 4 (spinaleininga) og Nevrokirurgisk avdeling. I tillegg har vi ein dagpost (post 1) og ein poliklinikk.

Sommarvikar hos oss

Vi er opptatte av at alle ferievikarar skal bli godt mottekne, kjenne seg trygge og bli godt tatt vare på her hos oss. Som ferievikar vil du som er sjukepleiar alltid arbeide med erfarne sjukepleiarar. I starten vil du gå saman med ein sjukepleiar og etter kvart vil du kunne ha eigne pasientar du kan handtere. Du har alltid nokon du kan spørje om hjelp. 

Som pleieassistent vil oppgåvene dine vere å assistere sjukepleiarane i deira oppgåver. Du vil kunne få ansvar for pasientar saman med sjukepleiar. Det vere seg hjelp til stell og måltid, mobilisere pasientar, klargjere pasientar til operasjon, samt hjelpe til å halde orden i avdelinga. Du vil  få opplæring av erfaren hjelpepleiar.

Vi arbeider i tredelt turnus. Som ferievikar arbeider du tilsvarande annankvar helg i perioden.

Vakttider

Dagvakt: Kl. 07.00-15.00, kveldsvakt: Kl. 14.30-22.00, nattevakt: Kl. 21.30-07.15.

Dersom det er tid og anledning vil du kunne vere med å observere ulike prosedyrar. Dette er ein god moglegheit til å lære mykje om nevrologiske og nevrokirurgiske pasientar. Du vil også opparbeide deg erfaring frå avdelingane, og det kan vere gunstig med tanke på vidare jobbmoglegheiter. Avdelingssjukepleiar vil vere din nærmaste leiar.

Nevrologisk avdeling post 2

Nevrologisk avdeling post 2 er ein akuttpost med 18 døgnsenger.

I slageininga behandlast pasientar med akutt hjerneslag/TIA. Hovudoppgåvene her er systematisk overvaking, akuttbehandling og tidleg rehabilitering.

Generell eining har sju senger. Her har vi utgreiing og behandlar i hovudsak pasientar med Parkinson sjukdom og tumor cerebri.

I tillegg til erfarne og dyktige legar, sjukepleiarar og hjelpepleiarar, legg vi stor vekt på tverrfaglegheit , og har tett samarbeid med fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar og sosionomar.

Nevrologisk avdeling post 3

Epilepsieininga greier ut og behandlar pasientar med nevrologiske diagnosar som epilepsi, betennelsar i sentralnervesystemet, myastenia gravis, MS, ALS, ulike typar hovudverk, ischias/lumbago. 

Vi har 18 senger som forutan generell nevrologi har hovudfokus på epilepsi. To av sengene er overvakingssenger for denne pasientgruppa.

Spinaleininga (post 4)

Forutan sengeposten med 12 senger, har vi fysioterapiavdeling med terapibasseng, ergoterapiavdeling og ei fløy med kontor og møtelokale.

Behandling av pasientar med ryggmergsskade representerer heilt spesielle utfordringar for behandlingsapparatet, både i akutt fase og i langsiktig oppfølging. 

Nevrokirurgisk avdeling

Nevrokirurgisk avdeling består av sengepost, NOVA (nevrokirurgisk-overvakningsavdeling), seksjon for Gammakniven og nasjonal behandlingsteneste for vestibularis-shwannomer. 

Vi har ansvar for alle nevrokirurgiske tenester i Helse Vest. Avdelinga behandlar vaksne og barn med akutte hjerne-/hjernehinneblødingar, hjernesvulstar, medfødde misdanningar i sentralnervesystemet og degenerative sjukdomar og skadar i spinalkanalen der nervevevet er truga. 

Nevrokirurgisk avdeling ligg i 7. etasje i Sentralblokka. Vi er ein sengepost med 27 senger der sju senger høyrer til NOVA. Hos oss er det tilsett 42 sjukepleiarar, seks hjelpepleiarar og åtte pleieassistentar. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som vi er stolte av.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.