Sommarjobb på Mottaksklinikken

Mottaksklinikken har fire einingar; Akuttmottak, Korttidsposten med Diagnostisk Senter og Utgreiingsmottak 1. Akuttposten er lokalisert på Bergen Helsehus, dei andre tre er lokaliserte i sentralblokka på sjukehuset. Vi treng sommarvikarar til alle einingane i Mottaksklinikken.

 

Mottaksklinikken tar i mot akutt sjuke pasienter. Det er pasienter i alle kategoriar fra enkle tilstander, til samasette lidingar, alvorlig sjukdom og skader. Vi tar i mot ca 35000 pasientar kvart år.

Søk sommarjobb

Sommarjobb hovudside

Pasientane blir fordelt mellom Akuttmottak og Utgreiingsmottak 1 etter sjukdomstilstand og alvorlighetsgrad. Korttidsposten er ein sengepost med 20 sengeplassar for pasientar med forventa kort liggetid. I løpet av eit år har Korttidsposten ca. 6 000 pasientar. 

Utgreiingsmottak 1 blir ein sengpost med 23 senger som opnar 1. mars 2016 og er eit mottak for pasientar med samansette lidingar. Pasientane vil bli imot av eit tverrfagleg team beståande av sjukepleiarar, legar og andre helsefagarbeidare. 

Akuttposten er ein sengepost med 10 sengeplassar som skal sikre akutt avrusing og ivareta akuttmedisinsk undersøking for pasientar med eit rusproblem.  I løpet av eit år har Akuttposten ca. 2500 pasientar. Klinikken har eigne overlegar som deltar i teamene kring pasientane på dei ulike einingane

Mottaksklinikken har fokus på godt arbeidsmiljø. Vi ønskjer løysingsorienterte sjukepleiarar med god fagleg kompetanse som liker høgt tempo velkommen til å søke jobb hos oss. 

Sommarvikar på Akuttmottaket

Akuttmottaket har ca. 80 tilsette, og dei fleste av desse er sjukepleiarar. Vi har også medisinstudentar som arbeider i triage​. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn, noko som er med på å skape eit godt arbeidsmiljø. Som sommarvikar kjem du til å jobbe tett med erfarne sjukepleiarar. Dagane i Akuttmottak er aldri like, og det bidrar til å gjere dette til en spennande og utfordrande arbeidsplass.

 

Sommervikar i Korttidsposten

Korttidsposten har 20 sengeplassar og tar imot pasientar til dei ulike kliniske avdelingane. Vi møter pasientar med mange ulike sjukdommar og diagnosar. På avdelinga sjukepleiarar, hjelpepleiarar og sjukepleiestudentar.

Oppgåvene dine vil vere å gi sjukepleie til pasientar med kirurgiske og indremedisinske tilstandar. Vi arbeider etter primærsjukepleie-prinsippet. Liggjetida i posten er opp til 24 timar.

Sommervikar i Ut​greiingsmottak 1

1. mars 2016 opnar vi landets første Utgreiingsmottak i 2. etg i Sentralblokka. Dette er eit nytt tilbod til pasientar som blir akutt sjuke og som treng tverrfagleg utgreiing. Utgreiingsmottaket vil ha 23 senger og pasientane vil bli tatt i mot av eit tverrfagleg team beståande av legar, sjukepleiarar og andre helsefagarbeidarar. Eit av måla for Mottaksklinikken er at pasienten skal få rett diagnose så raskt som mogleg og kome til rett behandling på rett stad. 

Arbeidsoppgåvene blir varierte og til tider krevjande. Kontinuitet i observasjon blir særs viktig i denne eininga og du skal følgje opp pasientane og delta i utgreiing. 

Sommervikar på Akuttposten

Akuttposten har 10 sengeplassar og tar imot pasientar med akutt rusproblematikk. Vi er ein liten post med stort fokus på tverrfaglig samarbeid rundt den enkelte pasient, hans pårørende og andre behandlingsinstanser. 

Du må ha evnen til å snakke med og møte mennesker i store livskriser. Du må like en uforutsigbar og variert arbeidsdag.  Liggjetida i posten er opp til 48 timar. I november 2015 flyttet vi inn i nye og trivelige lokaler i Bergen Helsehus på Danmarksplass. 

 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.