Sommarjobb på Lungeavdelinga

Avdelinga er blant dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin. Vi tilbyr diagnostikk, behandling, rehabilitering og førebygging av sjukdommar i respirasjonsorgana.

 

Lungeavdelinga har to sengepostar, med totalt 36 senger. Vi har lokale i 5.etasje, men i tillegg er vi lokalisert i 3.etasje (ekspedisjon) underetasje (poliklinikk og dagbehandling) og i  gamle hovudbygg (Senter for søvnmedisin). Det er totalt ca. 120 tilsette innan pleie på postane. I tillegg til sjuke- og hjelpepleiarar er både assistent- og overlegar knytte til posten. Det er og ein postsekretær/merkantil ressurs til stades på dagtid i vekedagane. Det blir i stor grad jobba tverrfagleg på begge postane. 

I hovudsak har Lungeavdelinga ansvar for pasientar i kategoriane kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) og astma (50 prosent), Lungekreft (25 prosent) og andre lungesjukdommar (25 prosent). Både Post 1 og Post 3 treng dyktige sommarvikarar i vekene 26–34.

Søk sommarjobb

Sommarjobb hovudside

Sommarvikar på Post 1

Lunge post 1 har kombinert funksjon med sengepost og respiratorisk overvaking (ROE). Av totalt 16 senger er inntil 8 tiltenkt pasientar som treng respiratorisk overvaking og pustehjelp (BiPAP/heimerespirator). Hovudgruppa av pasientar er kols, respirasjonssvikt, lungebetennelse.

Seksjonsleiar har ansvar for drifta og har personalansvar for pleiegruppa. Med seg har ho ein assisterande seksjonsleiar, ein fagsykepleier og to teamansvarlige sykepleiere (TAS).

Posten er delt i to grupper, der den eine er ei respiratorisk overvakingseining (ROE), og den andre ( gruppe A) har ansvar for pasienter med KOLS, respirasjonssvikt og andre lungesykdommer.

Sommarvikarar på post 1 vil bli plasserte på gruppe A. Det har å gjere med at ein må gjennom ekstra opplæring for å kunne jobbe på ROE, og at det stort sett er sjukepleiarar med vidareutdanning eller spesialkompetanse som er tilknytta gruppa.

Hos oss har vi som mål at alle pasientane våre skal bli møtte med respekt og omtanke, og dei skal kunne føle seg trygge på at dei er komen til flinke folk som vil dei vel. Vi veit det er mykje så lære den første tida, men alle våre sommarvikarar går gjennom eit to dagars felles introduksjonsprogram, og i tillegg får du opplæring på post.

Sommarvikar på Post 3

Post 3 er ein sengepost med 20 pasientar. Seksjonsleiar har ansvar for drift og personal i lag med assisterande seksjonsleiar. I tillegg er det to teamansvarlege (TAS).

Posten er delt inn i to grupper, som i hovudsak har ansvar for pasientar med lungekreft og lungeinfeksjonar, mellom anna tuberkulose.

Hos oss har vi som mål at alle pasientane våre skal bli møtte med respekt og omtanke, og dei skal kunne føle seg trygge på at dei er komen til flinke folk som vil dei vel. Vi veit det er mykje så lære den første tida, men alle våre sommarvikarar går gjennom eit to dagars felles introduksjonsprogram, og i tillegg får du opplæring på post.

God opplæring

Det vil bli gitt god opplæring slik at du er best mogleg førebudd på dei oppgåvene som møter deg.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.