Sommarjobb i Laboratorieklinikken

Fleire hundre bioingeniørar har arbeidsplassen sin i Laboratorieklinikken. Alle laboratoria har behov for sommarvikarar, og ønskjer også vikarar etter ferien.

 
Søk sommarjobb Sommarjobb hovudside                                                 

​​​​​​​​​​​Laboratoria i Laboratorieklinikken treng bioingeniørar og bioingeniørstudentar. 

Laboratorium ved klinikken

Vikarane får opplæring i ulike arbeidsoppgåver i laboratoria. Oppgåvene er knytte til både preanalytisk og analytisk arbeid. Blodprøvetaking av pasientar er ei oppgåve for mange. Som ferievikar vil du i hovudsak arbeide på dagtid.​​​