Sommarjobb i Hospitaldrift

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til heile helseføretaket. Hovudoppgåva vår er å levere nødvendige støttetenester til dei avdelingane som driv med pasientbehandling ved Haukeland universitetssjukehus.
renholdsmaskin.gang.foto.
 

Hospitaldrift har 7 einingar og meir enn 750 medarbeidarar.

Sommarjobb hovudside

Hospitaldrift Reinhald

Reinhald dekker sjukehuset sitt behov for reinhald. I tillegg leverer eininga tenester som oppvask, bufféhjelp, skylleromsarbeid og instrumentvask. Vi har og ansvaret for vask og oppreiing av senger.

Hospitaldrift Vaskeri

Vaskeriet sørgjer for at sjukehuset har reint pasienttøy, sengetøy, operasjonstøy og reine arbeidsklede til dei tilsette.

Hospitaldrift Matforsyning

Hospitaldrift matforsyning har ansvar for all produksjon og sal av mat til pasientar, pårørande og tilsette på Haukeland universitetssjukehus.

Hospitaldrift Transport

Hospitaldrift transport har tre hovudoppgåver; pasienttransport, forsyningstenester og avfallshandtering. For å jobbe i Transport er det nødvendig med førarkort og gjennomført kurs i førstehjelp.

Hospitaldrift Sikkerheit

Sikkerheitseininga har ansvar for vekter- og resepsjonstenesta ved Haukeland universitetssjukehus, samt drift og vedlikehald av sjukehuset sine parkeringsanlegg.

Hospitaldrift Telefoni

Hospitaldrift telefoni har ansvaret for sentralbordtenesta ved Haukeland universitetssjukehus.

Hospitaldrift Sentralforsyning

Hospitaldrift Sentralforsyning har ansvar for sjukehuset sitt sentrale lager av magasinvarer og sterile varer. Vi har og ansvar for drift av sjukehuset sitt sentrale varemottak.