Sommarjobb på Seksjon for alderspsykiatri

Seksjon for alderspsykiatri har 9 døgnplassar og gjer eit spesialisert helsetilbod til menneske med psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Vi har også poliklinikk og eit ambulant team.

​​​​​​​​​​​Meir om oss Søk sommarjobb Sommarjobb hovudside

Alderspsykiatriske lidingar kjenneteiknast ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. 

Vi er ca. 40 tilsette ved seksjonen inklusive sjukepleierar/hjelpepleiarar/LIS lege/psykiater/psykologspesialist.

Sommvikariat hos oss

Sommervikarar ved Seksjon for alderspsykiatri får alltid god opplæring i forkant av at vikariatet startar, dette tek  assisterande seksjonsleiar hand om. Sommervikarane får gå «på topp» to vakter og får god innføring i oppgåver og rutinar. 

Sjukepleierane som er ferievikarar hos oss, og som ikkje har jobba ved seksjonen frå før, går ikkje ansvarsvakter, men jobbar alltid samen med ein annan erfaren sjukepleiar. 

Her er det alltid minst to sjukepleierar på jobb dag og kveld, på natt er det ein sjukepleiar og ein hjelpepleiar eller assistent. Vi er som oftast 6 personale på dag, fire på kveld og helg, og 2 på natt.

Oppgåvene består av pasientoppfølging som hos oss inneber samtalar, aktivitet som turar, hjelp til pleie/stell ved behov. Kjøkken- og skylleromsoppgåver vil også særleg tilfalla pleieassistentar. 

Vi får alltid gode tilbakemeldingar frå våre ferievikarar når det gjeld både opplæring og trivsel. Dei oppgjer blant anna at dei har kjent seg godt inkludert av  det faste personalet og at dei har tileigna seg ny kunnskap gjennom å jobbe hos oss. Mange kontaktar oss angåande fast helgejobb og ekstravakter fordi dei har høyrt medstudentar omtale oss i positive vendingar. 


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.