Sommarjobb på Psykiatrisk akuttmottak

Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie.

 

Meir om oss Søk sommarjobb Sommarjobb hovudside

Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter endt opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern. 

På sengepostane (PAM 1/ PAM 2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsetjinga er å gi raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 1 og 2 er lukka poster med 10 sengeplassar og skjerma eining pr post. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.

Arbeidsoppgaver for sommarvikarar

  • Ivareta kvar enkelt pasient. 
  • Tverrfagleg teamarbeid ift. observasjon, vurdering og behandling 
  • Planlegge og iverksetje miljøtiltak 
  • Samarbeid med andre avdelingar om vidare behandling i sjukehuset, samt DPS og kommune ved utskriving 
  • Pårørandearbeid 
  • Praktisk arbeid.
  • Mottak av nye pasientar som vert lagt inn i psykiatrisk akuttmottak (Sjukepleiar/Vernepleiar)

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar/ vernepleiar/ hjelpepleiar 
  • Studentar innan helsefag 
  • Erfaring frå akuttpsykiatri vil vere ein fordel 
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse 
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Vi har nå behov for sommarvikarar i turnus både på dag, aften og natt. Det er ønskeleg med sjukepleiarar/vernepleiarar, men andre kan søke. Behovet er størst i juli og august. Vi ønsker at du kan arbeide i 6-8 veker. Det er ønskeleg at du skriv i søknaden kva for veker du har anledning til å jobbe.

Oppfølging og opplæring

  • Fadderordning 
  • Opplæring saman med kjent personal
  • Innføring i TERMA

Miljøet hos oss er godt og inkluderande med flat struktur mellom profesjonane.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.