Sommarjobb på Konstad DPS

Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne. Vi yt spesialisthelsetenester til befolkninga i bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda i Bergen kommune. Vi skal bidra til at menneske med psykiske lidingar kan leve eit normalt liv preget av deltaking, uavhengighet og meistring.

Les meir om Kronstad DPSSøk sommarjobb Sommarjobb hovudside

Vi treng sommarvikarar til følgande seksjonar og poliklinikkar:

Psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk

Tilbodet hos oss er spissa mot unge frå 18 til 30 år med psykosesykdom. Ein viktig bærebjelke er IMR-grupper (Illness Mangement and Recovery). Dette er eit evidensbasert, manualisert program for meistring av alvorleg psykisk sykdom, med vekt på å skape seg personlege målsettingar og krekrete strategiar for tilfrisking. 

Behandlingstilbodet er tidsavgrensa og strukturert med hovudvekt på gruppebehandling. Tilbodet skal vere vurdert som det beste for pasienten og består mellom anna av fysisk aktivitet, musikkterapi og billedterapi. 


Psykose Døgnbehandling

Kronstad psykose døgnbehandling har tolv behandlingsplassar der to av plassane er brukarstyrte. Ved seksjonen vert det gitt tilbod om avgrensa og målretta opphald der ein har fokus på eit betringsorientert perspektiv i behandlinga, og der eigenaktivitet, brukarmedverknad og meistring står sentralt. Målgruppa til seksjonen er pasientar med psykoselidingar. 

Faggruppa består av psykiatar, psykolog, lege i spesialisering, sjukepleiarar og vernepleiarar med og utan vidareutdanning, psykiatriske hjelpepleiarar, sosionom og fysioterapeut.

Alle sommarvikarar får god opplæring og ein faddar som er fast tilsett. Arbeidsoppgåvene vil bli å følgje opp pasientane under opphaldet, delta i miljøet og ulike aktivitetar. Vi har eit godt samarbeid i seksjonen, eit god arbeidsmiljø og god kompetanse blant dei ansatte. 


Psykose døgnrehabilitering

Seksjonen har eit særleg ansvar for personar med psykoselidingar som har behov for eit rehabiliteringsopphald. Vi er godt bemanna med kvalifisert personale. Seksjonen har 8 sengeplasser og har 30 ansatte. 

Vi tilbyr avgrensa målretta opphald som er tilpassa den enkelte. Vi har fokus på eit betringsorientert perspektiv i behandlinga der eigenaktivitet, medverknad og meistring står sentralt. Seksjonen har og eining for dagbehandling.

Vi samarbeider tett med pårørande, andre seksjonar, fastlegar, sjukehuset, psykiatritenesta og andre kommunale hjelpeinstansar.


Allmen døgnbehandling

Allmenn døgn har 20 plasser over to etasjer i ei stor, open avdeling med 2 grupper / vaktrom.  Ein må vera forberedt på vakter i begge etg, men vi prøver å organisere oss slik at det blir best mogeleg kontinuitet. 

Vi har pasientar fra 18 år med alle typar psykiske lidingar og funksjonsnivå som treng open døgnbehandling. Vi har direkte inntak på kvardagar, mykje akutt/krise, men og planlagt. Vi vektlegg avgrensa målretta opphald og overfører pasientar vidare til lavare omsorgsnivå så snart som mogeleg.

Kvar pasient får eit team med behandlar og 2-3 miljøpersonale som saman med pasienten utformer tverrfagleg behandlingsplan og har hovudansvaret for behandling og oppfylging av pasienten. Vi jobber og ein del utanfor avdelingen, med å fylgje pasient heim, til ulike aktiviteter og på tur. Vi disponerer bil, så førarkort vil vere ein fordel. Ellers ynskjer vi å stimulere til aktivitet, gjerne utanfor Dpset, men har og noko gruppebehandling som mindfullness, samtalegruppe, undervisning, avspenning og treningsgrupper.

Vi har eit svært godt arbeidsmiljø med høg faglighet, men det vil til tider være travelt så vi treng folk som trives med skiftande tempo og som både kan vera fleksible og disponere tida si godt. Minimumsbemanning kvardagar er 10/7/4, på helg 6/7/4 då vi oppfordrer til helgepermisjon og ikkje legg opp til organiserte aktiviteter i helg.

Arbeidsoppgåvene til sommervikarar vil vera variere med stilling og bakgrunn. Vi treng folk i både 2 delt og 3 delt turnus. Vikarar med helsefagleg bakgrunn som har ei større stilling på dag / ettermiddag vil kunne ha ansvarsvakter, gå inn i teamarbeidet, samarbeid med pårørande og kommunale instansar o.l. Mens andre vi vera kontakt for dei pasientane som ikkje har nokon frå teamet på jobb. 

Ved sida av å fylgje opp 2-3 pasientar per vakt deltek ein og i praktiske oppgåver rundt måltid og klargjering av rom. Vikarar på natt følgjer eigen nattevaktinnstruks og behandlingsplan og er kontakt for pasientar, har tilsyn og nokre praktiske oppgåver. Nye vikarar får normalt 2 opplæringsvakter på dagtid. Ellers vil ein få fortløpande oppfylging frå leiar og stedfortreder. Bemanninga er god og det vil alltid vera sjukepleiar / vernepleiar i kvar etg som ein kan søka råd og rettleiing frå.

Bergenhus allmennpoliklinikk

Poliklinikken Bergenhus er ein av to poliklinikkar innan allment psykisk helsevern ved Kronstad DPS. Poliklinikken  tilbyr utgreiing og behandling av psykiatriske lidingar, hovudsakleg i bydelen Bergenhus i Bergen kommune. 

Poliklinikken er tverrfagleg samansatt.  med psykologspesialistar, psykiatrar, psykiatriske sjukepleiarar og ein klinisk sosionom. I tillegg har vi  psykologar og leger under spesialisering og studentar i praksis. 

Poliklinikken har brei tverrfagleg kompetanse innan ulike behandlingsformar og terapiar. Vi kan mellom anna yta medikamentell behandling, psykodynamiske terapiar, kognitiv åtferdsterapi, og nyare spesialisert traumebehandling. 


Årstad allmennpoliklinikk

Poliklinikken er ein av to poliklinikkar innan allment psykisk helsevern ved Kronstad DPS. Me yter spesialiserte helsetenester til pasientar som har fått rett til naudsynt helsehjelp, hovudsakleg i bydelane Årstad og Ytrebygda i Bergen kommune.

Hos oss arbeidar det spesialistar frå ulike profesjonar. Me er bemanna med psykologspesialistar, psykiatrar, psykiatriske sjukepleiarar og ein klinisk sosionom. I tillegg har me til ei kvar tid psykologar og leger under utdanning for å verte spesialistar. Vi har også ofte studentar i praksis. 

Vi har brei tverrfagleg kompetanse. Våre spesialistar har fordjupa seg innan ulike behandlingsformar og terapiar. Me kan mellom anna yta behandling i form av psykodynamiske terapiar (mentaliseringsbasert psykoterapi, psykoanalytisk psykoterapi, emosjonsfokusert terapi), kognitiv åtferdsterapi, nyare spesialisert traumebehandling, «mindfulness»basert kognitiv terapi i grupper, e-meistring og medikamentell behandling. 


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.