Sommarjobb på Klinikk for sikkerheitspsykiatri

Klinikk sikkerheitspsykiatri er ein psykiatrisk spesialklinikk for personar med alvorleg sinnsliding og betydeleg risiko for valdeleg atferd overfor andre, eventuelt med kompliserande tilleggsproblem som alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk. Vi treng sommarvikarar til Regional sikkerheitsavdeling.

 
Meir om klinikikken Søk sommarjobb Sommarjobb hovudside

Vår oppgåve er å gi psykiatrisk behandling til alvorleg sinnslidande pasientar i helsereigon vest som i tillegg treng eit høgt tryggleiksnivå. Sentrale oppgåver er å vurdere og å handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av seksjonen, fagleg bemanning og arbeidsform. 

Målet vårt er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi tar hensyn til samfunnets behov for tryggleik. Vi skal bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar, og som har problem med mellommenneskelege relasjoner. 

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging (kontaktperson)
  • Gjennomføre sjukepleietiltak 
  • Følge opp pasientens avtalar i henhald til behandlingsplan

Personlege eigenskapar

  • Du er initiativrik, interessert og har respekt for den einskilde pasient. 
  • Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning.
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø. 
  • Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg. 
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø. 
  • Du etterspør rettleiing.
  • Du klarer å stå i utfordrande situasjonar og behalde den profesjonelle haldinga.

Vi tilbyr

  • Introduksjonskurs 
  • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon 
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Særtillegg ift. stillingsstorleik

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.