Sommarjobb på Øyre-nase-halsavdelinga

Øyre-nase-halsavdelinga behandlar pasientar med sjukdommar, skadar og anomaliar innan øyre-, nase- og halsregionen. Vi treng sommarvikarar til sengeposten Kjeve/øyre-nase-hals.

lege ser i andlet med instrument.foto.
 
Søk sommarjobb Sommarjobb hovudside

Kjeve/øyre-nase-hals sengepost høyrer til Klinikk for hovud hals. Posten har 22 senger. 

Vi behandlar  vaksne pasientar over 18 år med ulike kjeve-, øyre-, nase- og halsdiagnosar.  Mange av pasientane har ein kreftdiagnose, klinikken har regionalt ansvar i Helse Vest for utreiing og behandling av hovud- og halskreftpasientar. 

Vanlige behandlingsformer er kirurgi og strålebehandling.  Vi har innliggande pasientar i alle faser i behandlingsforløpet. 

Vanlege sjukepleieoppgåver er:

  • Pre og postoperativ sjukepleie
  • Oppfølging av pasientar som går til strålebehandling
  • Ernæring og smertebehandling
  • Sjukepleie til pasientar med tracheostomi
  • Samarbeid med andre sjukehus/avdelingar

Sengeposten har 34 tilsette fordelte på kreftsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, fagsjukepleiarar, assisterande avdelingssjukepleiar og avdelingssjukepleiar. Vi har eit spennande og lærerikt arbeidsmiljø med fokus på fag og grunnleggande sjukepleie. 

Alle nytilsette vil få oppfølging og opplæring. Velkommen til oss!