Sommarjobb på Ortopedisk avdeling

Ved Ortopedisk avdeling behandlar vi pasientar med sjukdommar og skadar i muskel- og skjelettsystemet.

 
Søk sommarjobb Sommarjobb hovudside Meir om Ortopedisk avdeling

Avdelinga er delt inn fleire seksjonar:

  • Post 2 vest behandlar kompliserte skadar og følger etter skadar
  • Post 1 Øst behandlar ryggbrot, spreiing av kreft til rygg og skjelett, skeivstillingar og slitasje i ryggen
  • Post 2 Syd behandlar lidingar i ledd med operativ protesebehandling og andre revmakirurgiske inngrep

Kvar seksjon har eigen seksjonsleiar og ass.seksjonsleiar, men felles avdelingssjef for sjukepleietjenesta. Dei tilsette tilhøyrer kvar sin seksjon, men må pårekne å arbeide på alle seksjonar. Hos oss jobbar fleire yrkesgrupper, både legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og fysioterapeutar.

Seksjonane har til saman 60 senger, men om sommaren er kapasiteten 40 senger. Sjukepleiarane jobbar i tredelt turnus. Om sommaren har vi ingen planlagt aktivitet, berre augeblikkeleg hjelp.

Vi søker sjukepleiarar som:

  • Liker å arbeide i ei avdeling med til tider høgt tempo
  • Set pris på godt arbeidsmiljø og som ønsker å vere med å vidareutvikle dette
  • Ønsker å arbeide i ei fagkompetent avdeling.