Sommarjobb på Kvinneklinikken

Ved Kvinneklinikken er det Gynekologisk avdeling som treng sommarvikarar. Vi har eit breitt tilbod til kvinner med ulike gynekologiske sjukdommar. Her blir du del av eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer.

helsepersonell smiler. tre kvinner. foto.
 

Vi treng sommarvikarar på våre to døgneiningar: 

  • Seksjon for generell gynekologi (16 senger)
  • Seksjon for gynekologisk kreft (14 senger) 

Dei to sengepostane våre fungerer som ei eining i sommarferien. 

Meir om KvinneklinikkenSøk sommarjobb Sommarjobb hovudside

Sommarvikariat hos oss

Vi treng sommarvikarar i ni veker, med gode moglegheiter for forlenging. Du vil arbeide dag, kveld og i helg (ikkje natt). 

Første veka (veke 24) blir det opplæring med eige opplæringsprogram som vi har gode erfaringar med. Dei påfølgande vekene vil du få ein fadder på kvar vakt. Det vil alltid vere erfarne sjukepleiarar på alle skift. 

Våre tilsette fortel oss at dei trivst godt på avdelinga grunna dei gode kollegaene og det gode arbeidsmiljøet. 

Seksjon for gynekologisk kreft

Her behandlar vi maligne gynekologiske lidingar:

  • Kreft i eggstokk eller eggleiar
  • Kreft i livmor
  • Kreft i livmorhalsen
  • Smertebehandling
  • Behandling og omsorg ved livets slutt

Seksjon for generell gynekologi

Her behandlar vi alle ikkje-maligne tilstandar som: 

  • Ulike komplikasjonar dei første 16 vekene av svangerskapet; svangerskapskvalme, spontan abort, truande abort, provosert abort og komplikasjonar knytte til assistert befruktning
  • Ulike komplikasjonar etter fødsel
  • Utgreiing og behandling av blødingsforstyrringar
  • Underlivsinfeksjonar
  • Underlivssmerter
  • Urinlekkasje, skjedeframfall og nedsunken livmor