Sommarjobb på Kreftavdelinga

Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk er Vestlandets regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane). Hos oss har vi eit godt og sosialt arbeidsmiljø.

ekspedisjon.ansatte smiler.foto.
 

Avdelinga behandlar pasientar i ulike fasar av sjukdomsforløpet. Vi gir cellegift- og strålebehandling som kan vere både helbredande eller livsforlengande og smertelindrande.

Søk sommarjobb

Hovudside sommarjobb

Vi lindrar biverknader av behandling og har pasientar i sluttfasen av livet. Vi har pasientar som blir friske og pasientar som ikkje blir friske. Felles for dei alle er at dei er ramma av ein alvorleg og livstruande sjukdom. Det er da viktig for oss å gi pasientane heilskapleg sjukepleie. Dette gjer vi ved å ha fokus på:

  • Ivaretaking av heile mennesket
  • Tilby familiesamtalar
  • Barn som pårørande
  • Tett samarbeid med sosionom, psykolog, prest og smerteteamet, samt fysioterapi på sjukehuset

Vi har høg kompetanse og faglegheit i behandlinga vi gir pasientane. 

Sommarjobb hos oss

Hos oss vil du få eit nytilsettkurs og i tillegg ei veke med opplæring. Du får fagleg engasjerte og dyktige kollegaer med lang fartstid. Du vil gå i tredelt turnusarbeid, alltid med erfarne tilsette på vakt. Hos oss vil du få gode moglegheiter til personleg og fagleg utvikling, med moglegheit for vidare vikariat eller fast stilling. 

Post 1

Post 1 held til i Parkbygget. Posten har 22 senger fordelte på ein- og tomannsrom. Vi er 40 tilsette som behandlar pasientar med diagnosane: 

  • Brystkreft
  • Malignt melanom
  • Tarmkreft
  • Nyrekreft
  • Kreft i bukspyttkjertel/lever/galleveiar
  • Nevroendokrine tumorar og tarmkreft.


Post 2

Post 2 held til i 4. etasje i Sentralblokka. Her har vi 35 sengeplassar og seks behandlingsstolar for dagbehandling med cellegift. Vi behandlar pasientar med diagnosane: 

  • Prostata
  • Lymfekreft
  • Sarcomer
  • Testikkelkreft
  • Kreft i spiserøret
  • Gynekologisk kreft
  • Hudkreft
  • Skjoldbruskkjertelkreft
  • Kreft i underliv og urinvegar
  • Lungekreft
  • Kreft i hovud/hals og hudkreft. 
  • Kreft med ukjent utgangspunkt