Sommarjobb på Kirurgisk klinikk

Kirurgisk klinikk har fem avdelingar. Alle avdelingane har som hovudoppgåve å diagnostisere og behandle kirurgisk. Vi treng sommarvikarar til dei fire sengepostane våre. Hos oss er det gode moglegheiter for å forlenge vikariatet for dei rette kandidatane.

 
Søk sommarjobbSommarjobb hovudside

Arbeidsoppgåvene på Kirurgisk klinikk er varierte og fagleg spennande: 

  • Pre- og postoperativ sjukepleie
  • Observasjon/overvaking
  • Prosedyrar
  • Sårbehandling
  • Smertelindring
  • Medikamentbehandling
  • Palliasjon
  • Pasientadministrasjon
  • Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut og ergoterapeut


Vi har godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom postane. Sengepostane er travle med eit fagleg spennande og lærerikt miljø.

Post 1 Gastrokirurgi

Sengeposten har 44 pasientsenger, der 22 er i bruk om sommaren. Her er elektive pasientar, større ØH-inngrep, kreftpasientar og palliative pasientar. 

Post 2 Urologi

Sengeposten har 20 pasientsenger. Elektive og ØH-inngrep.

Post 3 Gastro- og akuttkirurgi

Sengeposten har 28 pasientsenger. 

Post 4 Plastikkirurgi / Karkirurgi

Sengeposten har 22 pasientsenger, der 16 senger er i bruk om sommaren.