Sommarjobb på Barne- og ungdomsklinikken

Barne- og ungdomsklinikken er Noregs nest største barneavdeling. Årleg blir om lag 4000 pasientar i alderen 0-15 år innlagde her. Vi søker etter sjukepleiarar som er interesserte i barn, er fleksible og gode på basal sjukepleie.

​​​​​​​​​​​​​​​​Barne- og ungdomsklinikken har 75 senger fordelt på tre sengepostar. For å ha mest mogleg kompetanse tilgjengeleg for alle pasientar, har vi på sommaren to opne sengepostar.

Søk sommarjobb Sommarjobb hovudside

Hovuddelen av verksemda vår er øyeblikkelig hjelp- pasientar, men vi har også elektive pasientar og ein stor poliklinikk.

Hos oss får du jobbe i eit fagleg aktivt miljø, med eit breitt spekter innan medisinske sjukdommar hos barn: 

  • Nyføddmedisin
  • Infeksjonsmedisin
  • Akuttmedisin
  • Gastroenterologi og ernæring
  • Revmatologi
  • Endokrinologi og metabolisme
  • Nevrologi
  • Onkologi
  • Kardiologi
  • Nefrologi
  • Lungesjukdommar

Korleis er det å ha sommarjobb på Barne- og ungdomsklinikken?
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og det vil alltid vere erfarne sjukepleiarar tilgjengeleg som kan rettleie og ta hand om det spesielle. Einingsleiar vil vere din nærmaste overordna. Ved fråvær har assisterande einingsleiar denne funksjonen.

Framtidsmoglegheitene for vidare jobb hos oss er gode, ein stor del av rekrutteringa vår skjer via sommarvikarar. Vi prioriterer fagleg engasjement, og ønsker sjukepleiarar som vil jobbe med barn og også nokon som vil spesialisere seg innan pediatri, intensiv og kreft. 

Vi har kurs for ferievikarar i veke 26:

  • Om Barneklinikken
  • Hjarte/lungeredning - medisinsk-teknisk utstyr
  • Legemiddelhandtering
  • Postspesifikk opplæring