Samarbeid med universitet og høgskular

Helse Bergen har eit godt samarbeid med Universitet i Bergen og høgskulane i regionen.

Utviklingsmidlar/samarbeidsmidlar

Utviklingsmidlar skal bidra til å fremme sterkare samarbeid mellom utdanning ved høgskulane og praksisfelt i sjukehusa.
Midla er søkbare for tilsette i Helse Bergen, Haraldsplass Diakonale sjukehus, Høgskulen på Vestlandet (HVL campus Bergen) og VID vitenskapelig høgskole (campus Bergen).

Samarbeidsmøtet har vedtatt at ein for perioden 2017-2019 kan søke om midlar til kombinerte stillingar for perioden 15.08.17-15.06.19.
Søknadsfrist er 1.april 2017. Det er leiarar som må søke om midlane.

Les meir om utviklingsmidlar for perioden 2017-2019

Samarbeidsavtalar

UiB og Helse Bergen (pdf)Høgskolane og Helse Bergen (pdf)

Samarbeidsmøte

Samarbeidsmøtet er øvre samarbeidsorgan på direktør/ rektornivå mellom dei tre høgskulane i Bergen (Betanien Diakonale Høgskule, Haraldsplass Diakonale Høgskule og Høgskulen i Bergen) , Haraldplass Diakonale Sjukehus og Helse Bergen.

​​​Samarbeidsmøtet skal sørgje for at utdanning og forskings- og utviklingsarbeid skjer i tilstrekkeleg omfang og med høg kvalitet, i samsvar med overordna strategiar og prioriteringar. Samarbeidsmøtet har møte om lag to gonger kvart halvår.

For meir informasjon vedrørande det overordna samarbeidet mellom høgskulane og føretaket visast det til Samarbeidsavtala (kommer link) mellom partane.​​​​

Utdanningsrådet

​Utdanningsrådet skal vere ein samarbeidsarena mellom Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale sjukehus og Høgskulane i bergensregionen. Rådet skal ha fokus på utdanning, behov for framtidig kompetanse og utvikling av gode læringsmiljø i praksis for studentane.

​​​​​​​​Forankring

I Overordna strategiplan for Helse Vest RHF (Helse 2020) fokuserast det på at føretaket skal sette fokus på utvikling, læring og kvalitet og sikre helseregionen god kompetanse på alle nivå. I Strategidokument HB (2008-2012) blir det stilt krav om at føretaket skal vidareutvikle samarbeid med høgskuler for å gi studentane våre et optimalt utdanningstilbod. 

Vi viser elles til Samarbeidsavtala mellom Helse Bergen og Høgskulane, pkt. (4.2.).

Oppgåver 

  • Rådgivande organ for Samarbeidsmøtet. 
  • Diskutere behov for/ tilbod om praksisplassar. 
  • Vere ein fagleg arena knytt til utdanningsspørsmål. 
  • Gjensidig orientere om organisatoriske endringar som har noko å seie for læringa til studentar i praksis. 
  • Formalisere samarbeidet mellom kliniske avdelingar og den enkelte utdanningsinstitusjon gjennom vilkår for korleis læringssituasjonen praktisk skal tilretteleggast, under dette praksisrettleiarar og praksislærarar sine plikter og ansvar, kurstilbod for praksisrettleiarar o.l. 
  • Samarbeid om fag- og forskingsaktivitet knytt til studentar si læring i praksis
  • Drøfte prinsipielle føretaksovergripande problemstillingar. 
  • Forvaltning og utvikling av utviklingsmidlar.​