smilende ansatt i gang. kvinne. foto

Nytilsette

Velkommen til oss!

Velkomen som ny medarbeidar ved Vestlandet sitt største medisinfaglege miljø! Vi er veldig glade for å ha fått deg med på laget, og ser fram til du skal begynne. Når du begynner i Helse Bergen blir du ei viktig brikke i eit samspel rundt pasientane våre. Vi er avhengig av at kvar einskild medarbeidar utfører ein så god jobb som mogleg for å kunne oppfylle vårt viktige samfunnsoppdrag, og no blir din innsats eit verdfullt bidrag til dette!

Velkomsthelsing

Velkommen som medarbeidar til ein av Vestlandets største arbeidsplasser. Her er administerande direktør Eivind Hansen si velkomsthelsing til deg.

 

Dette er Helse Bergen 

Vår visjon

Visjonen for Helse Bergen er å fremme helse og livskvalitet i vest. Dette skal vi gjere gjennom å vise respekt i møte med pasienten, sørge for kvalitet i prosess og resultat og skape tryggleik for tilgjengeligheit og omsorg.

Våre verdiar

  • Respekt i møte med pasienten
  • Kvalitet i prosess og resultat
  • Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg

Vår strategi

Helse Bergen har utvikla ein strategi for 2017-2022 for å imøtekome framtida muligheiter og utfordringar. Strategien gir retning for arbeidet i sjukehuset og framtidig prioritering. Ta gjerne ein titt!

Sjå organisasjonskartet vårt

Vi er om lag 12.000 tilsette som kvar dag har som mål å gje best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. I 2017 hadde vi omlag 870 000 pasientmøter og utdanna over 3000 helsearbeidarar. Her finn du fleire tal som omhandlar aktivteten vår.  

Vårt mangfald

Vi har avdelingar innan psykisk helse, rus, somatikk og rehabilitering. Her finn du oversikt over alle einingar og stadar i Helse Bergen. Vi er lokalisert frå Manger i nord til Os i sør. 

24 kommunar høyrer til i Helse Bergen sitt føretaksområde og vi samarbeider tett med desse.

Tilbod til medarbeidarar

sida for medarbeidarar får du tilgang til personalhandbok og andre nettstader for medarbeidarar, samt praktisk informasjon om alt frå garderobar og ID-kort til parkering og nyttig kontaktinformasjon. 

Helse Bergen har også eit omfattande velferdstilbod til dei tilsette, mellom anna eit aktivt bedriftsidrettslag.  

Opplæring og kurs for nye medarbeidarar 

Som ny hjå oss vil du få ei basisopplæring, i tillegg til opplæring i avdelinga der du er tilsett. Basisopplæringa omhandlar blant anna:

  • Brannvern
  • Informasjonssikkerheit
  • Handhygiene
  • DHLR

Vi oppfordrar deg til å logge deg på Læringsportalen (sjå info under) og sjå på desse kursa og at du gjennomfører brannvern- og informasjonssikkerhetskurset før oppstart.

Pålogging Læringsportalen

Her finn du veileder for pålogging til Læringsportalen.

Skjema som skal fyllast ut før tiltreding

BHT-skjema for forebyggende smittevern (MRSA og tuberkulose)

BHT-skjemaet er en viktig del av forebyggende smittevern i Helse Bergen. Skjemaet skal sendes inn seinest 14 dager for du tiltrer stillingen din.  

Skjema for nedlasting og informasjon om korleis det skal fyllast ut/adresse for innsending

Skjema for lønsansiennitet 

Beregning av lønnsansiennitet er aktuelt for yrkesgrupper som følger minstelønnssatser i Helse Bergen.
Dersom du er usikker på om dette vil gjelde for deg, kan du spørre tilsettande leiar.

For å kunne beregne riktig lønn må du laste ned og fylle ut skjemaet.

Skjema for nedlasting og informasjon om korleis det skal fyllast ut/adresse for innsending


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.