Lærlingar i helsearbeidarfaget

Helsefagarbeidarutdanninga er eit lærefag der hovudløpet er to år i vidaregåande skule og der etter to år med opplæring i bedrift. I læretida skal teoretisk kunnskap i størst mogleg grad skje knytt til praktiske oppgåver. 

Som lærling har du krav på opplæring og rettleiing i læretida. Du får utbetalt løn og skal difor bidra med verdiskaping på arbeidsplassen.

Lærling tilsett i kommune med samarbeidsavtale (samarbeidslærling)


Helse Bergen har samarbeidsavtale med fleire kommunar om gjennomføring av deler av læretida i Helse Bergen.

Alle lærlingar skal ha første del av læretida i kommunehelsetenesta og ha pleieerfaring, før dei kan få tilbod om 4 månader læretid i sjukehuset. 

Opplæringsboka du brukar i kommunen skal du og bruke i sjukehuset.

Lærling tilsett i Helse Bergen

Du vert midlertidig tilsett som lærling med høve for fast tilsetjing etter bestått fagprøve.


Vg1 og vg2

For tida har ikkje Helse Bergen tilbod om praksisplassar for elevar på vg1 helse og oppvekst og vg2 helsefagarbeidar i sengepostane.





​​

Kontaktinformasjon

Lærlingkoordinator
Merete Hefte
E-post: helsefagarbeider@helse-bergen.no

Relevant informasjon





Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.