ID-nøkkelkort og namneskilt

Alle tilsette i Helse Bergen skal ha ID-kort med bilde. Du skal alltid ha på deg kortet synleg for andre.

Tilsette ved Haukeland universitetssjukehus får utlevert ID-kort hos Drift/teknisk kundesenter​ , 1. etasje i Verkstadbygget. Du må ha med deg gyldig legitimasjon og ei stadfesting på tilsetting i form av arbeidsavtale eller tilsettingsbrev.


Studentar 

Studentar som har behov for personleg ID-kort/nøkkelkort den perioden dei har praksisstudium i Helse Bergen får dette tildelt ved oppstart av praksis. 

Hvis du ikkje får tildelt eit personleg ID-kort frå Helse Bergen, er det likevel nødvendig og viktig at du som student har eit namneskilt der der står namn og tittel, slik at både pasientar og tilsette som du møter kan sjå kven du er. 

Kortet skal leverast tilbake til Helse Bergen (Drift/teknisk kundesenter) når du er ferdig med praksisstudiet.


 

ID-/nøkkelkort 

  • Du skal bere kortet synleg. 
  • Du må oppbevare kortet på ein slik måte at ingen andre får tilgang til det eller på nokon måte kan misbruke det. 
  • Kortet er personleg og skal aldri bli lånt vekk. 
  • Kortnummeret finst på kortets framside, dette nummeret brukast alltid som referanse ved tøymaskinar, endring av adgangsstatus o.l. 
  • Kort med smartbrikke skal aldri vere i PC når korteigar ikkje nyttar PC. Lån aldri bort kortet. 


 

Pin-kode 

Pin-koden er hemmeleg. Den skal du oppbevare på annan stad enn kortet (tilsvarande minibankkort). 


 

Tapt kort 

  • Meldast umiddelbart til Drift/teknisk kundesenter på tlf. 77100. 
  • Nytt kort blir skrive ut etter gjeldande reglar for utskriving av ID-kort. 


 

Køyrereglar 

  • La ikkje nokon passere saman med deg inn i ei sone eller ut av eit avlåst pasientareal. 
  • Sørg for at den adgangskontrollerte døra er lukka etter deg. 
  • La ikkje adgangskontrollsystemet bli ei kvilepute. 
  • Ver ditt ansvar bevisst. 
  • Sjå at dører og vindauge i ditt miljø er lukka og låste.