For tilsette

Nettstader for tilsette:


​​Nyttig informasjon for deg som er tilsett

Personalhandboka inneheld nyttig informasjon om personalpolitikk og retningslinjer i Helse Bergen. I MinGat finn du informasjon om arbeidstid og løn, mellom anna oversikt over vakter og timelister. Det er også her du finn lønsslippar og løns- og trekkoppgåver frå Helse Bergen.​ 

Arbeidsinstruks

Arbeidsinstruksen inneheld dei krav og forventningar Helse Bergen HF har til sine arbeidstakarar.
​​​​​Instruksen set rammer for tilhøvet mellom arbeidstakar og arbeidsgivar og er meint å bidra til trygge og planlagde arbeidsvilkår for tilsette i føretaket.

Brukarrettleiing for 2-faktor pålogging

Logge på MinGat frå heime-PC (pdf)

Etiske retningslinjer

Etisk refleksjon skal ligge til grunn for alt det vi gjer. Som tilsett i Helse Bergen har du plikt til å setje deg inn i våre etiske retningslinjer.
​​​​​​​Hugs at kvar og ein av oss har ansvar for at sjukehuset lever opp til sitt verdigrunnlag.​
Etiske retningslinjer i Helse Vest​​

Garderobar og arbeidstøy

På Haukeland universistetssjukehus hentar du sjølv arbeidstøyet i eigne maskinar for tøyutlevering. Sjukehuset har slike maskinar i Sentralblokka, i Gamle Hovudbygg, i Marie Joys' hus, ved Lungebygget og ved Kvinneklinikken. Dei same stadene finn du innkast for skittent arbeidstøy.

​​​​​​Sjukehuset har skap med lås til oppbevaring av privat tøy og eigendelar og eigne skap til sko. Jobbar du i meir enn halv stilling på Haukeland universitetssjukehus, kan du setje deg på venteliste hos Drift/teknisk kundesenter for å få eige garderobeskap. 
​​​​

Studentar

I samanheng med praksisperiode hos oss får du som student tilgang til arbeidstøy og garderobeskap. ​

ID-kort/nøkkelkort og namneskilt

Alle tilsette i Helse Bergen skal ha ID-kort med bilde. Du skal alltid ha på deg kortet synleg for andre.
​​​​​Tilsette ved Haukeland universitetssjukehus får utlevert ID-kort hos Drift/teknisk kundesenter​​​​, 1. etasje i Verkstadbygget. Du må ha med deg gyldig legitimasjon og ei stadfesting på tilsetting i form av arbeidsavtale eller tilsettingsbrev.

Studentar 

Studentar som har behov for personleg ID-kort/nøkkelkort den perioden dei har praksisstudium i Helse Bergen får dette tildelt ved oppstart av praksis. 
Hvis du ikkje får tildelt eit personleg ID-kort frå Helse Bergen, er det likevel nødvendig og viktig at du som student har eit namneskilt der der står namn og tittel, slik at både pasientar og tilsette som du møter kan sjå kven du er. 
Kortet skal leverast tilbake til Helse Bergen (Drift/teknisk kundesenter) når du er ferdig med praksisstudiet.

ID-/nøkkelkort 

Du skal bere kortet synleg. 
Du må oppbevare kortet på ein slik måte at ingen andre får tilgang til det eller på nokon måte kan misbruke det. 
Kortet er personleg og skal aldri bli lånt vekk. 
Kortnummeret finst på kortets framside, dette nummeret blir alltid brukt som referanse ved tøymaskinar, endring av adgangsstatus o.l. 
Kort med smartbrikke skal aldri vere i PC når korteigar ikkje nyttar PC. Lån aldri bort kortet. 

Pin-kode 

Pin-koden er hemmeleg. Den skal du oppbevare på annan stad enn kortet (tilsvarande minibankkort). 

Tapt kort 

Må straks meldast til Drift/teknisk kundesenter på tlf. 77100. 
Nytt kort blir skrive ut etter gjeldande reglar for utskriving av ID-kort. 

Køyrereglar 

La ikkje nokon passere saman med deg inn i ei sone eller ut av eit avlåst pasientareal. 
Sørg for at den adgangskontrollerte døra er lukka etter deg. 
La ikkje adgangskontrollsystemet bli ei kvilepute. 
Ver ditt ansvar bevisst. 
Sjå at dører og vindauge i ditt miljø er lukka og låste.

 

IKT-tryggleik

Helselovgivinga saman med personopplysningslova stiller strenge krav til behandling av helse- og personopplysningar.

​​​​​I Helse Bergen er vi opptekne av informasjonstryggleik og har ein sikkerheitsinstruks som alle tilsette har eit personleg ansvar for å gjere seg kjende med og leve etter.

Instruksen er tilgjengeleg for alle tilsette på intranettet. Helse Bergen har også eit e-læringskurs i informasjonstryggleik som er obligatorisk for alle tilsette. 
 
Norm for informasjonssikkerhet helse- og omsorgstjenesten (Normen) frå Helsedirektoratet.

Parkering for tilsette

​​​​​Haukeland universitetssjukehus

Vi oppmodar tilsette om å sykle til jobb eller å nytte buss eller bybane. Sjå Skyss sine internettsider for informasjon om arbeidsbussar. Haukeland universitetssjukehus har parkering både for syklar og bilar. Sykkelparkeringa i Sentralblokka er tilgangskontrollert. 

Parkeringsplassane nærast sjukehuset er reservert for pasientar og besøkande.

​Som tilsett må du søkje elektronisk via intranettet om oblat/kort for å nytte parkeringsområda.​​

Voss sjukehus

Ved Voss sjukehus er det ei parkeringsavgift for tilsette. Servicekontoret ved sjukehuset kan svare på spørsmål om dette.

​  

  

Kontaktinformasjon

Fagsenter administrative system

Telefon

55 97 47 40

E-post

Bierverv Deltidskartlegging MinGat Reiseregning  WebCruiter

Helse Vest IKT

Telefon

55 97 65 40

E-post 

kundesenteret@helse-vest-ikt.no 

Nettside

www.helse-vest-ikt.no

Personal- og o​rganisasjonsavdelinga

Telefon 

55 97 66 00​

E-p​ost

Personalavdelingen@helse-bergen.no

Postadresse 

Personal- og organisasjonsavdelinga
Haukeland universitetssjukehus
Postboks 1400
5021 Bergen​

Besøksadresse 

Jørgen Sandbergs hus, 3. etasje, Haukeland​​