Jobb og utdanning

​Hos oss er det gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Kvart år rekrutterer vi om lag 1000 nye medarbeidarar.​ Vi er rundt 12 000 menneske frå alle verdsdelar og over 30 forskjellige nasjonar. Vi er alle ulike med forskjellige roller, men vi har eit felles mål om at vi skal vere best mogleg på det vi gjer.

Vi har alltid behov for dyktige og motiverte fagfolk innan dei fleste helsefaglege område. Behovet vårt for arbeidskraft er ikkje berre innan helsefag, vi treng også teknisk, økonomisk og administrativ kompetanse.​​