Koronavirus

Prøvetakingstilbud for egne ansatte

Her finn du informasjon om Helse Bergen sin prøvetakingfasilitet for tilsette, innleigd personell og studentar og elevar i klinisk praksis. 

testtelt

Booking av prøvetaking

Kriteria for prøvetaking for koronavirus av våre tilsette er i tråd med retningslinjene frå Folkehelseinstituttet.
Sjå testkriterier FHI

Det er KUN tilsette i Helse Bergen, og i tillegg Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest sine tilsette i Bergen, og nokre private ideelle institusjonar (kan velgast ved booking) som kan bestille time til prøvetaking.

Dersom du er testa grunna luftvegssymptom skal du etter testing halde deg heime til du har motteke svar på testen. Om testen er negativ, kan du returnere til jobb når allmenntilstanden er god.

Klikk på linken for å velge ledig tidspunkt for prøvetaking og booke time:
Online timebestilling for Helse Bergen Bedriftshelsetjeneste (makeplans.no)

NB! Dersom du skal avbestille timen, gjer du dette også via bookingssytemet. 

Test-lokalet er parkeringshuset utanfor pasienthotellet på Haukeland.

​Er du i tvil om du skal teste deg kan du kontakte leiaren din eller sende e-post til: provetaking-bht@helse-bergen.no 

Åpningstider:

  • Mandag: 09-15
  • Tirsdag: 08-10
  • Onsdag: 08-10
  • Torsdag: 08-10
  • Fredag: 08-10

Om du har testa deg fordi du har luftvegssymptom, må reise rett heim etter testing og halde deg heime til du har motteke svaret på testen. Om testen er negativ, kan du returnere til jobb når allmenntilstanden er god.

Om du har testa deg ved innreise frå utlandet (gule områder) skal du ha negativ test før du kan gå på jobb igjen. Du bør informere arbeidsgjevar (leiar) før du går tilbake på jobb.

Dersom du har testa deg ved innreise frå utlandet (raude områder) er du uansett pålagt å være karantene i 10 dagar. Negativt prøvesvar påverkar ikkje tida du skal være i karantene.  Det er berre heilt unntaksvis at det no er mogeleg å få unntak frå karanteneplikta.

Oppdatert flytskjema frå FHI

Testresultat

Du kan sjølv sjå svaret på koronatesten din på Helsenorge.no​ så snart prøven er analysert og svart ut.  

helsenorge.no pørvesvar

Sjå FHI si side om koronasvar på HelseNorge
Om testen tatt av deg er positiv/viser at du er smitta av koronavirus, vil du blir ringt opp av Bedriftslege. 

Testing i Akuttmottak er kun i prekære situasjoner der det er viktig og haster med avklaring ift smitte:

 «I noen prekære tilfeller kan det bli aktuelt å få tatt prøver i Helse Bergen utenom åpningstidene for prøvetakingsfasiliteten. Akuttmottak kan bistå med prøvetaking i slike prekære situasjoner. Det skal da alltid avklares med nærmeste leder, og leder skal kontakte akuttmottak for å avtale slik testing på forhånd. Dersom det er på hverdager mellom kl 7-10 kan Robert Nekkøy kontaktes på tlf 55977926. Dersom det er på kveld eller i helg skal leder kontakte vaktleder i akuttmottak på tlf 55977930.»


Generelt om prøvetaking:

Det er viktig at du møter til avtalt tid så vi unngår opphoping av menneske med mistenkt smitte.

Tilsette som møter uanmeldt, kan risikere å ikkje få gjennomført test.

Prøvetakinga skjer i parkeringshuset ved Haukeland hotell («sjukehushotellet»). Dersom du kjem med bil tar vi prøven medan du sit i bilen. Sjå bilde med kart under. 


Her er prøvetakinga

Kontaktinformasjon

Har du problem med utfylling av skjema, ikkje kan møte til avtalt time eller har spørsmål om testresultatet ditt kan du kontakte prøvemottaket på