Har du lyst på fast og full stilling? Vi har no felles rekruttering til faste heiltidsstillingar frå sommaren 2019.
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremje helse og livskvalitet. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår og vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og vil leggje til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
Sjå utlysning og søk stillingane
No gjer vi ein innsats for å styrke staben. Vi ønsker oss #50faste, og søkjer etter traineesjukepleiar, sjukepleiar og vernepleiar til ulike einingar i føretaket.
Det vert rekruttert sjukepleiarar og vernepleiarar til følgande avdelingar:
Medisinsk avdeling, Dialyseeining, Infeksjonsmedisinsk seksjon, Medisinsk undersøking, Hematologisk seksjon, Nefrologisk seksjon