Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Jobb hos oss

Hos oss er det gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Kvart år rekrutterer vi om lag 1500 nye medarbeidarar. Vi er meir enn 14 000 menneske frå over 30 forskjellige nasjonar. Vi er alle ulike med forskjellige roller, men vi har eit felles mål om at vi skal vere best mogleg på det vi gjer. Vi har alltid behov for dyktige og motiverte fagfolk innan dei fleste helsefaglege område. Behovet vårt for arbeidskraft er ikkje berre innan helsefag, vi treng også teknisk, økonomisk og administrativ kompetanse.

Utdanning og kompetanse

Utdanning av helsepersonell er ei av våre hovudoppgåver. Vi tilbyr kvart år praksisplassar og undervising til studentar frå høgskular og universitet. Sjå alt om utdanning og kompetanse på vår samleside.
Les meir om utdanning og kompetanse i Helse Bergen
kvinne ser i kamera.foto

Videreutdanning

Vi treng fleire spesialsjukepleiarer! Om du vil spesialisere deg til anestesisjukepleiar, intensivsjukepleiar eller operasjonssjukepleiar, har vi eit godt tilbod til deg.
Les meir
små føtter.foto
Sist oppdatert 04.10.2023