Innovative løysingar for einerom i det nye Barne- og ungdomssjukehuset

I det nye Barne- og ungdomssjukehuset (BUS) skal «eksperten skal kome til barnet». Byggetrinn 1 stod ferdig våren 2017. Trinn 2 er planlagt ferdig i 2022.

 

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2017.

Einerom - fordelar og utfordringar

I BUS skal ein skal leggje til rette for at pasienten og familien kan være saman i en krevjande livsfase. BUS byggjast hovudsakleg med einerom, ca. 80 %. Einerom bidreg til betre pasienttryggleik og behandlingseffekt, med bl.a. færre infeksjonar og lågare feilmedisinering, samt eit mindre stressande miljø for pasient og pårørande.

Auka bruk av einerom byr like fullt på nokre utfordringar. Den kanskje største av desse er moglegheitene for auka ressursbruk, spesielt knytt til  pleiebemanning og auka arealkostnader. Ein trenger difor å utvikle gode løysingar på korleis helsepersonell kan dekke større areal enn i sjukehus med fleisengsrom på ein ressurseffektiv måte. Denne prosessen ønskjer Haukeland å kome i gong med gjennom eit forprosjekt.

Forprosjektet og vegen vidare

I forprosjektet vil ein undersøkje potensielle nye og innovative løysingar for utfordringane ved einerom. Både teknologisk og organisatorisk tilpassing vil være nødvendig. Planen er å følgje opp arbeidet i forprosjektet med eit større prosjekt for å utvikle og teste potensielle løysingar. I denne prosessen vil det også bli aktuelt å invitere partnarar frå næringslivet og andre.



Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.