Utstyr i gymsalen

I gymsalen si utstyrsbod finn du utstyr til mange ulike aktivitetar.
Under kan du sjå kva utstyr som fins og korleis du nyttar utstyret.

Brannalarm, brannslange, hjartestartar og akuttkoffert

  • Brannalarm fins på enden av langsida som vender mot garderobene, og inne i skapet du finn i midten av langsida som vender mot testlabben.
  • Der fins to brannslangar i gymsalen. Begge er plassert på veggen som vender mot testlabben.
  • Næraste hjartestartar er plassert i 1.etg. Gå ut døra på toppen av tribuna som er nærast resepsjonen. Hjartestartaren heng på motsatt side av søyla døra er festa i.
  • Her finn du brannrutiner og varslingsrutiner for gymsalen.

Musikkannlegg

  • Musikkanlegget styrast frå den lille skjermen som fins i skapet som er plassert midt på langsida av veggen som er vendt mot testlabben. Skapet opnast ved eit lett trykk på skapdøra ("treplanke"). Skjermen slår seg på når ein tar på skjermen.
  • Trykk på av/på knappen oppe i høgre hjørne for å skru på anlegget.
  • I eit tilsvarande skap rett under musikkannlegget, fins AUX-ledning som du kan koble mobilen til.

  • Du styrer volumet direkte på mobilen eller på skjermen som styrer musikkanlegget.

Ballnetting

  • Ballnetting skal alltid vere nede når der føregår ballspel i gymsalen.
  • Ballnettingen styrast frå den lille skjermen som fins i skapet som er plassert midt på langsida av veggen som er vendt mot testlabben. Skapet opnast ved eit lett trykk på skapdøra ("treplanke"). Skjermen slår seg på når ein tar på skjermen.
  • Trykk på knappen "Ballnetting ned" eller "Ballnetting opp".

Skillevegg

  • Ein kan dele gymsalen i to ved å ta ned skilleveggen.
  • I skapa som er plassert på midten av langsida av veggen som er vendt mot garderobene, fins der nøkkel som styrer veggen opp og ned.
  • Vri om nøkkelen og hald til skilleveggen er i den posisjonen du ynskjer.
  • Gymsalen skal alltid forlatast med skillevegg oppe.  

Lysbrytar

  • Lysbrytar fins på enden av langsida som vender mot garderobene, og inne i skapet du finn i midten av langsida som vender mot testlabben.
  • Du kan styre lyset i halv eller heil sal.  

Basketballkorger

  • Der er to basketballkorger i gymsalen. Desse kan du justere høgden på, eller flytte rundt i salen.
  • Vil du ha basketballkorga lavare, må du halde den svarte knappen medan dyttar det oransje handtaket nedover.
  • Vil du ha basketballkorga høgare, må du halde den svarte knappen inne medan du drar det oransje handtaket oppover.  
  • For å flytte basketballkorga må du først justere høgda slik at basketballkorga er så lav som mogeleg. Dra deretter bak dei to oransje spakane. Basketballkorga kan no flyttast rundt i salen.
  • For å låse basketballkorga etter du har flytta ho, må du dra dei to oransje spakane tilbake, slik at dei peikar oppover.

Oppsett av badminton- og volleyballnett

  • Der er oppsett til eit volleyballnett og to badmintonnett i gymsalen. Netta heng i utstyrsboda.
  • I golvet fins der fire "sirklar" du kan fjerne ved hjelp av ein sugekopp. Denne finn du på utstyrsboda. Ta handtaket på sugekoppen ned, sett sugekoppen inn i sirkelen, og ta opp att handtaket. Vri rundt til det løsnar, og fjern deretter sirkelen.
  • Under sirklane er det feste for stengene til nettet. Plasser stanga ned i holet og sjå til at stanga står stødig.
  • Nettet festast ved å tre tauene på enden av nettet i rennene på stanga. Du strammar nettet ved å dra i sirkelen på enden av tauet.
  • Når du er ferdig å bruke volleyballnettet eller badmintonnettet skal alt ryddast på plass på tilviste plassar i utstyrsboda.

Tau

  • I gymsalen er det fem tau som er festa i ei skinne i taket.
  • For å få taua ut i salen, drar ein det ytterste tauet heilt til enden av skinna, kor tauet klikkast i lås.
  • For å få taua tilbake igjen til veggen, må ein gjere eit  rykk i det ytterste tauet for å få tauet ut av lås. Taua førast deretter tilbake til veggen, og festast saman med eit kvitt, mindre tau.  

Diverse utstyr

  • Airtrack
  • Balansebenkar
  • Klossar/puter til hinderløyper o.l.
  • Balanseputer
  • Treningsstrikk med og utan handtak
  • Terapiballar i ulike storleikar
  • Rullebrett
  • Stepkasser
  • Innebandykøller
  • Badmintonrackerter i ulike storleikar
  • Badmintonrackerter
  • Volleyballar
  • Basketballar
  • Fotballar
  • Tennisballar
  • Bortennisballar
  • Badmintonhøner
  • Mjuke ballar i ulike storleikar
  • Basisball/medisinball
  • Klatreutstyr (skal KUN nyttast saman med personale som har brattkortkurs).
  • Treningsmatte i ulike storleikar
  • Fotballmål
  • Handballmål
Fann du det du leita etter?