Pasientforeininga Sarkomer Vest har blitt eitt år

Sarkomer Vest er ei interesseforeining og møteplass for alle som har eller har hatt sarkom, deira pårørande og nærståande på Vestlandet og har dessutan som mål å gjere informasjon, kunnskap og bevisstheit om Sarkom meir tilgjengeleg.  

  

I februar 2017 blei pasientforeininga Sarkomer Vest stifta som det første lokallaget til hovudforeininga Sarkomer.

  • I styret sit 6 personar; 2 pasientar, 2 tidlegare pasientar, 1 pårørande og 1 fagperson. Eitt styremedlem er busett i Sogndal, eitt i Haugesund og dei resterande i Bergensområdet.
  • Sarkomer Vest har felles vedtekter og medlemsregister med hovudforeininga Sarkomer.
  • Sarkomer har til saman meir enn 400 betalande medlemmar.

Logo Sarkomer. Foto
Tilbod og aktivitetar

Sarkomer Vest har likepersonsteneste på Vardesenteret vedHaukeland universitetssjukehus, og du kan nå dei på telefon 22 12 00 29.

Lokallaget arrangerer årleg sarkomdag i Bergen med fagleg oppdatering, motivasjonsforedrag og sosialt samvær i samarbeid med Senter for blaut- og beinvevssarkom ved Haukeland universitetssjukehus. I tillegg blir det arrangert temamøter forskjellige stadar i regionen for å nå ut med informasjon og å styrke samhaldet hos medlemmane.


Om sarkom

Sarkom er ein sjelden krefttype som utgjer ca 1% av alle krefttilfelle, men dessverre oftare hos barn og ungdom (ca. 15 %). Sarkom er kular og klumpar som oppstår i blautvev og i beinvev og dei er ofte vanskelege å oppdage. Behandling er ein kombinasjon av enten cellegift, stråling og/eller kirurgi. For nokre kan det vera behov for amputasjonar.