Kunstnarar fortel om kunst, motiv og teknikk

Ved Kreftavdelinga på Haukeland er fleire veggar utsmykka med kunst frå ulike kunstnarar. Her fortel to av kunstnarane som er representert med kunstverk på avdelinga om kunsten sin, motiv og teknikkar dei brukar.

Anita Tjemsland 

Tjemsland verk

Eit av Tjemslands bilde som prydar veggen på Kreftavdelinga.

Motiva finn eg alltid i storbyen, det eg observerar og sansar i omgivnaden min. 

Eg etterstrebar ikkje ei objektiv gjengiving av verda, men filtrerar den gjennom den subjektive erfaringa mi, ei inderleg gjengiving av tilværets arkitektur.

Ved å fjerna alt som er ikkje-essensielt, kan eg reindyrka den emosjonelle relasjonen min til augneblinken motivet først stod framfor meg.

Samtidig gis betraktaren rom til å sjølv gi bildet liv og meining, og bildets tolkingsrom utgjer ein prosess som fortset så lenge bildet blir betrakta eller erindra.

Som oftast arbeider eg med djuptrykk i svart/kvitt der eg har brukt plexiglas bearbeida med loddebolt som trykkplater.

Prosessen er krevjande tidsmessig: Trykkplatene blir bearbeida for hand, for å gi eit organisk, levande uttrykk.

Etter at trykkplatene er påført djuptrykksverte, fjernar eg sverta slik at kvart trykk får små, individuelle variasjonar i det svarte.

June Sira

June Sira verk

Eit av Siras verk på Kreftavdelinga.

I bilda mine er det menneske, ofte med ein tvetydig alder, i tablå som er fabulerande, symbolske eller fragment av ei historie.

Eg kan ikkje forklare kvifor motiva i bilda mine er som dei er. Hadde eg kunna det ville eg kanskje ikkje vore biletkunstnar.

Det gledar meg når menneske kan relatere sine eigne erfaringar til eit av motiva mine. Og for meg handlar det å lage bilde om nettopp dette.  

Bilda er laga med koldnål – ein grafisk teknikk kor ein teiknar streken med ei diamantnål i ei koparplate og deretter kan bilda bli trykt i små opplag. Der kor det er farge er det handkolorert med akvarellfarge etterpå.