Kunst på Kreftavdelinga - Ludvig Eikaas

Her kan du lesa om Eikaas og kunsten hans.

Avdelinga fekk ei kunstgåve på fire Ludvig Eikaas verk av Roald og Elin Nystad. Potent eple, Airstrip, Sjølvportrett med makrellslips og Hest i vind er frå henholdsvis 1973,-71,-79, -53 og heng henholdsvis i trappa i Parkbygget, buffe post 1 i Parkbygget og inngangen til Parkbygget. Me er glade for at me på denne måten har blitt i stand til å gjera omgivnaden rikare visuelt sett og takkar ekteparet Nystad.

 

Jølstringen Eikaas blei utnemnd til riddar av 1. kl. av St. Olavs orden og hadde då vore professor ved Kunstakademiet i Oslo der han sjølv hadde vore elev. Her kan du lesa meir om han i ein tekst me har fått av Sogn og Fjordane Kunstmuseum som Eikaas samlinga inngår i.

 

Grafikaren, målaren, skulptøren og konseptkunstnaren Ludvig Eikaas (1920-2010) var kjend som ein utprøvande og spontan kunstnar som aldri slo seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Denne evna til variasjon har gjeve han ein sterk posisjon i norsk kunsthistorie. I 1994 fekk han sitt eige galleri i Jølster og per i dag tel Eikaassamlinga der om lag 850 verk.

 

1940-talet

I studietida i Oslo arbeidde Eikaas med forenkla og tidvis ekspresjonistiske tresnitt i farge og svart-kvitt med motiv frå livet i Jølster. Frå slutten av 40-talet og fram til om lag 1954 arbeidde han, inspirert av mellom andre Miró, med non-figurative måleri og etsingar. Såleis vart han ein av pionerane innanfor den norske modernismen. Eikaas vende relativt raskt attende til eit figurativt uttrykk, om enn i forenkla form. Frå midten av 40-talet måla han òg, med få og raske penselstrøk, abstraherte, fargesterke portrett av kjende personar.

 

1950-talet

Tiåret var for Eikaas prega av mange ulike teknikkar og uttrykk. Han måla non-figurative bilete enno ei stund, men etter kvart vert han fascinert av landskap, interiør og stilleben. I Eikaassamlinga finn vi hovudsakleg tresnitt i svart-kvitt, nokre fargelitografi og akvarellar frå perioden. Uttrykket er figurativt, men forenkla og motiva er mellom anna familien, landskap, dyr, musikk, by og interiør.

 

1960-talet

Eikaas arbeidde tidleg i tiåret framleis med tresnittet, men etter kvart vart etsinga den dominerande teknikken. Det urbane livet gjorde seg gjeldande i bileta og forma vart lausare og meir humoristisk. Etter kvart nytta han tekstfragment som eit eige formalt biletspråk og presenterte dei som anna biletkunst. I siste halvdel av 60-talet byrja han å arbeide med skulptur og materialbilete, gjerne i uvande materiale som plast, polyester, aluminium, stål og pappmasjé. Nokre tidlegare grafiske eller måla portrett fekk no skulpturell form. I ettertid kan vi sjå at Eikaas var ein tidleg eksponent for konseptuelle arbeidsmetodar som bruk av funne materiale, tekstbaserte verk og aksjonar. Innanfor måleriet søkte han å gje att eit direkte sanseinntrykk av motivet ved å nytte sterke fargar, store fargefelt og til tider rennande måling.

 

1970-talet

Frå byrjinga av 1970-talet eksperimenterte Eikaas mellom anna med store format, objekt og ready-mades. Han utforska og utfordra kunstomgrepet og kunstnarrolla gjennom humor, tekstfragment og iscenesetting av seg sjølv. Han arbeidde med nye materiale slik som pleksiglas. Innanfor grafikken nytta han hovudsakleg etsing og silketrykk. Inspirasjonen frå Rolf Nesch kom til uttrykk i bruken av høg- og djuptrykk i ei og same plate, for å få fram relieffverknad i papiret. Innimellom kan vi sjå innslag av sterke fargar. Dei få politiske verka i kunstnarskapen stammar frå denne perioden.

 

1980-talet

Eikaas arbeidde på 80-talet med mange svart-kvitt portrett av kjende personar, framstilt med todelte andlet i grønt og raudt. Teknikkane var mange som litografi, linosnitt, silketrykk og trykk på bilpanser. Musikarportrettet står sterkt, og vi kan framleis sjå innslag av tekstbaserte verk og aksjonar, som i høve opninga av Fjærlands-tunnelen i 1986. Eikaas leverer òg skulptur til offentleg stad, i ein forenkla stil, som Hest i Vind til Posten, Førde.

 

1990-talet

På 1990-talet arbeidde Eikaas mykje med illustrasjonar. For Den norske Bokklubben illustrerte han Ibsen sine skodespel og laga eit uttrykksfullt diktarportrett. Serien vart mellom anna stilt ut i Oslo, Paris, Reykjavik, Torshavn og i Berlin.  Vi kan sjå at Eikaas framleis arbeidde med tekstverk, portrett og sjølviscenesetjingar i både to og tre dimensjonar. Han nytta teknikkar som litografi i små format, tresnitt, skulptur og omarbeiding av funne objekt. Sjølvportrettet og bobleslipset vert framstilt i grafiske "strek"-skulpturar laga i metall dekt med hardplast. Nye variantar av eldre motiv vert laga og i eitt av dei yngste verka i Eikaassamlinga, kalla Weidemann, har han vendt attende til tresnittet.

 

Ved konservator Ingrid Norum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum.