Kunst på Kreftavdelinga

Les nokre av kunstnaranes beskrivelse av sitt verke, og om sjukehusets policy for innkjøp.

Anita Tjemsland 

Motiva finn eg alltid i storbyen, det eg observerar og sansar i omgivnaden min. Eg etterstrebar ikkje ei objektiv gjengiving av verda, men filtrerar den gjennom den subjektive erfaringa mi, ei inderleg gjengiving av tilværets arkitektur. Ved å fjerna alt som er ikkje-essensielt, kan eg reindyrka den emosjonelle relasjonen min til augneblinken motivet først stod framfor meg. Samtidig gis betraktaren rom til å sjølv gi bildet liv og meining, og bildets tolkingsrom utgjer ein prosess som fortset så lenge bildet blir betrakta eller erindra.

Grafikk av Tjemsland

Grafikk av Tjemsland

Som oftast arbeider eg med djuptrykk i svart/kvitt der eg har brukt plexiglas bearbeida med loddebolt som trykkplater. Prosessen er krevjande tidsmessig: Trykkplatene blir bearbeida for hand, for å gi eit organisk, levande uttrykk. Etter at trykkplatene er påført djuptrykksverte, fjernar eg sverta slik at kvart trykk får små, individuelle variasjonar i det svarte.

June Sira

I bilda mine er det menneske, ofte med ein tvetydig alder, i tablå som er fabulerande, symbolske eller fragment av ei historie. Det gledar meg når menneske kan relatere sine eigne erfaringar til eit av motiva mine. Og for meg handlar det å lage bilde om nettopp dette.  

Grafikk av Sira

Grafikk av Sira

Bilda er laga med koldnål – ein grafisk teknikk kor ein teiknar streken med ei diamantnål i ei koparplate og deretter kan bilda bli trykt i små opplag. Der kor det er farge er det handkolorert med akvarell etterpå.

Linda Soh Trengereid

Eg er er opptatt av sivilisasjon og forholdet vårt til naturen, og har her tatt utgangspunkt i ur- og regnskogar. Arbeida er som ein dokumentasjon på noko forgjengeleg, ei portrettering av natur i endring, så vel som ei utforsking også av korleis mylder blir tydeleg på avstand. Uttrykket som oppstår mellom teknikk og materiale interesserer meg også.

Måleri/teikning av Linda

Måleri/teikning av Linda

Kort tid etter at vi på avdelinga kjøpte inn Trengereid, omtala Bergens Tidende ho som ein ung kunstnar å fylgja med på. Same avis har faktisk meldt kunsten på sjukehuset og Kreftavdelinga kom bra ut av det: https://www.bt.no/kultur/i/rLW8P3/Kunstanmelder-Silje-Sigurdsen-finner-mye-bra-kunst-pa-Haukeland-sykehus_-men-ogsa-flere-ting-som-er-kritikkverdige

Kunstnerisk policy


I Haukeland universitetssjukehus sin policy for visuell innreiing av pasientareal, står det blant anna at ho skal vere gjennomtenkt. Når me på avdelinga kjøper kunst, er det fleire faktorar som kjem i betraktning: me unngår provoserande kunst, men den skal heller ikkje vera gammalmodig, vidare kan bileta gjerne, men ikkje nødvendigvis, ha eit element av natur/realisme. Det er elles, som også policyen nemner, viktig å ta omsyn til det tiltenkte området reint fysisk, at ting står i stil fargemessig for eksempel. 
 
Då Helse Sør-Øst bygde nytt sjukehus, lyste det ut at «Kunst skal tilføre ein meiningsdannande funksjon og opna opp for tankemessige og sanselege opplevingar» og gjennomførte kunstkonkurransar for å smykka det ut. Jo fleire som ser ein meirverdi i at pasientar får omgi seg med kunst, jo betre.

Vil du gå på ei kunstvandring på avdelinga med meg som er kunsthistorikar? Berre ta kontakt: trivselskoordinator@helse-bergen.no  
Lilly Vinje