Intervju med Leif Ove Andsnes

 

Etter konserten på avdelinga fekk me bli litt meir kjent med pianisten.  

Portrett Leif Ove Andsnes. Foto

Du var vel ikkje alltid ein fortolkar – korleis skjedde vendinga?

Jo, til og med ungar er fortolkarar. Det er umogleg å ikkje vera det så lenge du er deg sjølv, alle er jo unike. Om så eg prøvde å kopiera ein annan utøvar, ville eg ikkje ha klart det. Men eg kan jo sei at eg merka noko skjedde då eg som 14-15 åring følte at folk likte å høyra meg spela.

No som du er midt i livet og har gitt ut masse, blir du friare eller meir ærbødig?

Friare. Men det er nok litt misforstått at utøvarar av klassisk musikk berre fylgjer notane. Ja, du har dei rammene, men eg kjenner meg for eksempel veldig fri når eg speler, eller det er ei friheit i, musikken til Beethoven. Så sjølv om det finst mange innspelingar av det og det, er det alltid rom for fleire.  

Men på eit anna plan då, dette med å byggja «karriere», kven er det som bestemmer kva som skal gis ut, er det kommisjon frå eit orkester, ein dirigent eller kva?

Eg har vore heldig og får bestemma sånt sjølv, så eg er så «arrogant» at eg spør den/dei eg vil om dei vil spela det med meg.

I tillegg til Beethoven, spelte du Grieg for oss. Eg har aldri følt meg så norsk som då eg høyrte på Grieg i Paris. Høyrer du sånt i musikk, eller er musikk heva over nasjonalitet, eller tvert imot skaper nasjonalitet?

– Begge deler. Grieg er for eksempel stor i Japan, og korleis skal ein forklara det? Det må jo og vera noko universelt.

Ja, kva er det med musikk eigentleg, denne meirverdien?

– Det er noko ein ikkje kan setja ord på. Noko musikk er jo suggererande, som stykket av Beethoven eg nettopp framførte. Du nemna musikkterapi, at rytme kan hjelpa på bevegelse. Då mormora mi fekk Alzheimer kunne ho likevel hugsa musikk, det var tonar ho kjente att frå tidlegare.

Du som har opplevd så mangt eit publikum og lokale, er det forskjellar?

Klart det. Her er jo pianoet lite, det blir nesten som ein huskonsert, mens i store salar må eg tenkja på å nå ut til bakerste rad, for det er jo stort sett akustisk. Uansett er det få plassar eller situasjonar igjen der sånne møte kan skje, men i dette vare kan magi oppstå.