Fin på håret

Det kan nok vera ein stor overgang å missa håret. Då kan det vera betryggande å vite at det finst nokon som kan hjelpa. Frisør og tidlegare kreftpasient Mariann Vikra har vore gjennom prosessen med å miste håret og veit verdien av å kunne ta på seg hovudplagg og parykk.

​​​​Eg fekk «ein time» i stolen hos ho, i salongen Tops Apollo Senter som ektemannen og fagmannen Tor Verner Meyer eig. Mariann har arbeidd med parykkar i 25 år og dei er spesialistar på hår- og hovudbotnproblem og held til i Bergen sentrum.

Mariann Vikra i parykksalong. Foto

Ivaretaking

Det fyrste eg merka meg var inngangspartiet, det var stilig og kunstnerisk og assosierte ikkje til sjukdom, og den som stod bak interiøret viste seg å vere Mariann og ho la sjølv vekt på viktigheita av å føla seg fin når ein er sjuk, så då er det jo rimeleg at også omgivnaden er fin. Ho tok imot meg med eit smil og eg følte meg sett. Det neste teikn på ivaretaking av «pasienten Lilly» var spørsmålet om eg ville ha ein omn på, dernest om dei kunne by på noko å drikke. Servicen blir også utelukkande gitt i einerom.

Kunden er altså i sentrum og dei vil du skal bli fornøgd, noko anna kan jo heller ikkje vera målet. Vil du ha eit hovudplagg som er turkis, seier du? Kein problem. Eg fann til og med ei turbanaktig hue som var gull- og svartfarga, enkelte har jo ein hang til det eksotiske. Vil du ha eit hovudplagg som også har eit stoff man kan knyta om halsen som eit skjerf? Som du ser av fotoet er det også mogleg. 

Tilpassing 

Ho anbefalte at ein kom innom før ein har begynt å misse håret, såleis vil ein vera i forkant i tilfelle dei må bestilla ein parykk, som tar ca ei veke, og ein vil jo då også kunne velgja ein farge som er nærmast mogleg eins eigen, om det no er det ein vil ha. Eg kan sjølv attestere at det er råd å finna ein farge som er tilnærma lik, men dei har og parykkar med ettervekst for å illudere det som jo alltid skjer ei stund etter farging, vidare kan du få striper. Det er mange modellar å velgja blant, dessutan kan dei jo alltids klippa parykken, den kan også dampast ned viss volumet verkar for stort, eventuelt kan dei krølla parykken om det nettopp er volum og krøller du vil ha. Dei syr den inn viss den ikkje sit godt, den skal jo følast trygg på, og endeleg - du kan få ekte hår også, underforstått har dei tilbod i diverse prisklassar. (Ad notam – rekvisisjon er det dokterar som kan gi.)

Modeller med skjerf og hatter. Foto

Om eg verkeleg hadde vore ein pasient, kan det jo hende eg ville gått utan hår, uansett er det fint å vita at ein har alternativ, for eksempel dette senteret i byen. Og veit du kva? Når du er ferdig med parykken, gi den gjerne tilbake så sender dei den til kreftramma kvinner i Serbia, for det samarbeider dei med Kreftforeningen i Oslo om. 

Knutereglar

Vil du læra å lage ein turban av eit skjerf du har liggjande? Videosnuttane Få et smil på leppene inkluderer ein kortfilm som viser korleis ein kan knyta skjerf om hovudet, sjå http://www.klf.no/?CatID=1219 Det er ein del av Look Good Feel Better som gir sminketips til kvinner som får cellegiftbehandling, for eksempel korleis gi inntrykk av å ha vipper via kajal, og råd i forhold til bruk av kosmetiske produkt. Programmet er ikke-medisinsk og merkenøytralt og bak det veldedige prosjektet i Norge står Kosmetikkleverandørenes forening. Kontakt Pusterommet her på Kreftavdelinga om du er interessert i gratiskurset, der deltar også Tops Apollo Senter og der kan du også levera ein parykk du ikkje bruker lenger.


Ein reportasje om hovudplagg og parykkar etter ynske frå ein av dykk.