HELSENORGE

Dagen i dag kan bli min verste dag

Det song professor Sven Svebak då han var pasient. Han har forska på humor, og dei som skårer høgt på vennleg sans for humor, har større sannsynlegheit for å leva lenger.

​Vennleg sans for humor er ei mental ferdigheit til å mestre dagleg liv på ein slik måte at det gode humør og dei gode relasjonar til andre blir bevart best mogleg.

Portrett Sven Svebak. Foto 

Personleg erfaring med kreft

For vel 4 år sidan blei eg godt behandla med cellegift mot lymfekreft ved Kreftavdeling på Haukeland sjukehus. I mange veker var eg så medtatt at sjølv det å komme på toalettet kjentest som ein toppidrettsprestasjon. Eg sat for det meste i ein stol heime og høyrde mykje på musikk og radio. I denne perioden var det nesten dagstøtt å høyre ei vise av Erik Bye med strofen «… mangt skal vi møte og mangt skal vi mestre. Dagen i dag den kan bli din beste dag…».

Eg hadde mine verste dagar! Og eg var for svak til å klare å reise meg og slå av radioen for å beskytte meg mot slik hån. Eg bestemte meg etter kvart for at viseteksten ikkje skulle få provosere meg eller ta humøret frå meg. Eg omskreiv teksten i samsvar med mobilisering av galgenhumor og song ”… dagen i dag den kan bli min verste dag!” Då gjekk det ein slags sport i å bedømme hvor ille dagen kunne bli, og det hjalp meg til å ikkje bli psyka ut av Erik Bye. Du skjønner sikkert at slik humor blir veldig personleg og ikkje lett å forstå for andre. Men den kan hjelpe. Mine nærmaste bekrefta i alle fall at eg ikkje mista humøret gjennom behandling.  
 

Kva ler du av? 

Sans for humor var knapt definert på 1960-tallet. For meg som ønska å utforske effekten av sans for humor på psykisk og fysisk helse, blei det nødvendig å først definere fenomenet for å vite hva som skulle målast. Enkelt sagt fan eg at sans for humor er et samansett fenomen bestående av ein kognitiv, ein sosial og ein affektiv komponent. Den kognitive handlar om kor lett ein person tenker på måtar som vekker munterheit og om kor lett slike tankar fra andre oppfattast som humor. Tankestrukturen i humor er i dag veldig presist definert og blir i faglitteraturen omtala som ein variant av kognitive synergiar. Eg skal ikkje gå nærmare inn på dette abstrakte tema, men nøyer meg med å henvise til faguttrykket ”diminishment” [eng. diminish = redusere/svekke – red.anm.] som er effekten av all humoristisk tankeverksemd, det motsatte av krisemaksimering.

Den sosiale komponenten definerte eg som tilbøyelegheit til å trivast i samspel og situasjonar der det lett blir morosamt. Nokre synest slike anledningar er ”tull og tøys” mens andre synest dei krydrar dagleg liv. Og den affektive komponenten skil mellom folk som ler lett og ikkje lett, eller mellom folk som lett kjenner seg munter og nesten ikkje kjenner seg munter, utan nødvendigvis å vise munterheita si for andre.

I dag finst det ei rekke spørreskjema som blir brukt i forsking for å sortere folk med ulik grad av sans for humor. Nokre av desse er ute etter å bedømme kor lett en person ler. Dei er kanskje skivebom. 

Den som ler sist 

Pioner-testen min er internasjonalt kjent som SHQ (Sense of Humor Questionnaire) [sans for humor spørjeskjema – red.anm.], og den har vore revidert gjennom forsking i over 40 år med ein kort variant som ofte blir brukt i dag (SHQ-6). Den har berre seks spørsmål, og den affektive komponenten er utelatt. Denne enkle testen på sans for humor blei brukt i ein kohort-studie [kohort = som går over tid – red.anm.] av overleving blant pasientar med kronisk nyresvikt i Sør-Trøndelag (sjå nedanfor).

I store befolkningsstudier med fokus på helse, slik som i HUNT (helseundersøkinga i Nord-Trøndelag), kan det vere nødvendig med endå færre spørsmål om eit tema, og i HUNT-2 (1995-97) blei sans for humor målt med berre tre spørsmål: eitt frå kvar av dei tre komponentane. Dei la grunnlaget for verdas første analyse av effektar av sans for humor på dødelegheit i ei stor vaksenbefolkning.

På eit bestemt tidspunkt var det 55 pasientar med kronisk nyresvikt i Sør-Trøndelag. Fem var for sjuke til å inngå i studien som hadde fokus på om nokre kjenneteikn ved pasientane ved studiestart kunne forutsei kven som overlevde de kommande 2 år. Dei blei utreda både biomedisinsk og psykososialt, også med skårer på SHQ-6. Etter 2 år tesa vi om det var mogleg ut frå biomedisinske og psykososiale data å forutsei kven som enno var i live. Vi blei overraska over å finne at den sterkeste prediksjonen [føreseiinga – red.anm.] ikkje var basert på journaldata om grad av nyresvikt ved starten, men skårer på SHQ-6. Det var omkring 30 % større sannsynlegheit for å vere i live etter to år hos dei med høgast sans for humor samanlikna med dei med lavest skåre.

Seinare analyserte vi data fra HUNT-2 etter 7 år med tanke på om resultatet frå nyresvikt-studien lot seg dokumentere i ei vaksenbefolkning som ikkje var selektert [utvalgt – red.anm.] ut fra bestemte kriterier, slik som ein bestemt sjukdom. Det var omkring 55.000 vaksne over 19 år med skårer på sans for humor i denne databasen. Skårer på sans for humor, basert på desse tre enkle spørsmåla, viste at det var nesten 30 % større sannsynlegheit for å vere i live etter 7 år om skårer låg over medianen, i den halvparten med høgast skårer, 7 år tidligere. Resultatet var korrigert for dei vanlegste biomedisinske årsaker til død.  

Ver vennleg 

Det kan vere av betydning å vite at sans for humor målt med SHQ-6 eller med dei tre spørsmåla i HUNT-2, beskriver vennleg sans for humor, mens desse spørsmåla har vist seg utan evne til å måle ondsinna humor.

Dermed er det grunn til å hevde i dag at vennleg sans for humor er ei mental ferdigheit til å mestre dagleg liv på ein slik måte at det gode humør og dei gode relasjonar til andre blir bevart best mogleg. Kanskje er vennleg sans for humor ein av mange slike mentale ferdigheiter og at fellesnemnaren for dei er evna til å ta best mogleg vare på det gode humør. Anna forsking støttar opp om denne konklusjonen og viser at dårleg humør, spesielt depressive prosessar, er knytta til auka dødelegheit. Konklusjonen må derfor bli at det hjelper med vennleg sans for humor, og det kan eg bekrefte med eiga erfaring. 


Sven Svebak, professor emeritus
Institutt for nevromedisin, NTNU
Tidlegare president i International Society for Humor Studies

 

Litteratur:

  • Svebak S. The Sense of Humor Questionnaire: Conceptualization and review of 40 years of findings in empirical research. Europe’s Journal of Psychology 2010;6:288-310 www.ejop.org 
  • Svebak S, Romundstad S, Holmen J.  A 7-year prospective study of sense of humor and mortality in an adult county population: The HUNT-2 study. International Journal of Psychiatry in Medicine 2010;40:125-146.

(Fyrst publisert i 2015)