Å Vestland Vestland - ny utsjånad for kreftpost 2

Kunst på sjukehus kan vera ein måte å oppleve noko givande på sjølv om ein er innlagt.

 

Som det Vestlandssjukehuset me er og den Vestlandspasienten du er, kva er vel meir naturleg enn å utforma to Vestlandskorridorar? Kreftpost 2 har gjennomgått ei estetisk forvandling – frå litt hummar og kanari til eit heilheitleg uttrykk i gangane, og så var det kanskje på tide med ei utskifting også. Utsmykkinga sin raude tråd er altså det geografiske området vi befinn oss i og ting vi assosierer med Vestlandet, for eksempel ein detalj av ein værbitt hyttevegg. Dette kan vekkje gode minner og gi ein viss heimefølelse, og vi har vektlagt å ikkje velgje vanskeleg kunst.

Kunstens meirverdi

Kunst på sjukehus får kanskje ein større meirverdi enn elles. «Kunst skal tilføre ein meiningsdannande funksjon og opna opp for tankemessige og sanselege opplevingar» stod det mellom anna i utlysinga til «Prosjekt nytt østfoldsykehus». Helse Sør-Øst byggjer nytt sjukehus og har gjennomført kunstkonkurransar for å smykka det ut, med andre ord ser dei ein meirverdi i at pasientar får omgi seg med kunst. Tidlegare direktør for Nasjonalmuseet Sune Nordgren viste i ein artikkel om kunstterapi til at kunst også blir brukt innan medisinen (DN 25.1.14.). Boka han tok for seg var Art as Therapy av kunsthistorikar John Armstrong og historikar og filosof Alain de Botton. Her er eit sitat frå sistnemna si heimeside: “…that art should be ‘for art’s sake’ has unnecessarily held back art from revealing its latent therapeutic potential”. (http://alaindebotton.com ) Mottargumentet til kunst “berre” for kunsten si skyld er altså at visse verk kan vera til hjelp for visse utfordringar, f eks angst og smerte. Vel, ein kan sjølvsagt diskutera eit instrumentelt syn på kunst, men sjølv om me ikkje er kunstterapeutar på Kreftavdelinga håper me de pasientar og pårørande tykkjer det er triveleg at me har eit blikk for omgivnaden.

For øvrig mange takk til Oddleiv Apneseth for at han gav oss eit foto og til Jens Hauge og Eilif Stene for «special price» på foto.

Lilly Vinje, kunsthistorikar.

(Fyrst publisert 14.3.16.)