Ungdomspasienten

Mellom to stolar?

Her er nokre inntrykk frå føredrag ein dokter og pleiar frå Rigshospitalet/Ungdomsmedicinsk Videncenter, København, heldt på Haukeland universitetssjukehus 27.3.19.

  • Dei har eit eige samtale-/undersøkingsrom for unge, det ser annleis ut enn andre.
  • Dei tilbyr «split visits»; samtalar der foreldre kun er med til å begynne med og til slutt.
  • Dei unge vil ha tid åleine med personale.
  • Dei har funne at foreldre som lar unge ha åleinesamtalar med fagfolk, er mindre bekymra, samtidig blir pasienten støtta i utvikling og autonomi.
  • Unge er opptatt av respekt for autonomi og tausheitsplikt, og å få informasjon om kva rettar dei har.
  • Dei unge vil vera involvert i eigen pleie og behandling, og å bli møtt der dei er (dei føler seg kanskje verken som ein unge eller ein vaksen), blant anna kommunikasjonsmessig.