Korleis går det?

Det er ikkje alltid ein ønskjer å bli spurd når ein er kreftsjuk, og kva skal svaret bli?

Biletet er gjengitt med tillating frå FONDATION BEYELER

«Takk, etter forholda berre bra.....»

Kva er eit godt svar på spørsmålet ”Korleis går det med deg?” Emnet kan presse seg på om ein er i kreftbehandling. Det er ikkje alltid ein ønskjer å bli spurd, og kva skal svaret bli?

Under gir eg forslag til handtering av spørsmålet til den som treng det. Eg håper det kan hjelpe mange, sjølv om vi er ulike og opplever ting forskjellig. 
 

Maleri av Francis Bacon - "Portrait of George Dyer Riding a Bicycle". Grafikk


Mange opplever å bli hjelpelause stilt overfor dette spørsmålet. Det er nok vel meint,  og kanskje er det berre eit spørsmål som kjem fram på eit kvardagsleg  og nærast automatisk vis.

Men det rører ved ein på ein annan måte enn vanleg. Det rører fordi det plutselig får ein til å kjenne etter korleis ein ”eigentleg” har det. Og om livet ikkje er så enkelt, så passer det gjerne ikkje å kjenne på eigne følelsar til ei kvar tid.

Samstundes vil ein jo vere ærleg og høfleg, og kva blir det i grunn venta at ein skal svare? Ei forteljing om eigen helsetilstand kan bli for privat, og den som spør ønskjer kanskje heller ikkje å  få vite så mange detaljer om dette. Spørsmålet kjem så lett fordi det er ein vanleg frase når menneske møtest. Men i spesielle og krevjande situasjonar handlar det om å kunne velje til kven ein fortel, og tid og stad for dette. Det handlar for ein stor del om å om å kunne gå ut og være ein del av det vanlege kvardagslivet og samstundes ha ei oppleving av kontroll. Korleis kan ein oppnå dette? 

  1. Gjer som vanleg. Når nokon spør korleis du har det: ikkje kjenn etter. Om du rettar fokus mot følelsane dine, risikerer du å kjenne at det er ganske mange vanskelege følelsar du ber på. La svaret heller bli som vanleg, i alle fall for dei fleste av oss; ein automatisk respons utan å kjenne etter noko som helst.

    Det er lov å beskytte seg sjølv. Det er rett og slett bra å beskytte seg sjølv og oppleve kontroll. 
  2. Kva med ærlegheit og høflegheit? Det kan ein også vareta med dette enkle svaret: ”Takk, etter forholda berre bra!” Då har ein vore ærleg òg tatt høgde for at livssituasjonen ikkje er optimal  i augeblinken.  
  3. Så kjem det viktigaste. Vanlegvis returnerer ein spørsmålet, og det anbefaler eg å gjere no også. I same åndedrag som ”Takk, etter forholda berre bra” spør du: ”Og korleis går det med deg?” Dette er også vanleg høflegheit, men i tillegg oppnår ein å flytte fokus over til den andre og vekk frå seg sjølv. Det kan til og med hende at den andre blir letta over å få svare på dette. Om spørsmålet ”Korleis går det med deg?” blei stilt automatisk, har kanskje vedkommande oppdaga undervegs at det ikkje var eit  klokt val av emne. Men har ein begynt å spørje, må ein jo fullføre.  

Eg tenker mykje på bilde og i bilde. Eit kunstverk av den britiske målaren Francis Bacon (1909- 1992) er kalla "Portrait of George Dyer Riding a Bicycle" (1966). Her har han malt ein syklist som ikkje har det heilt enkelt. Sykkelen har to framhjul som pekar i kvar si retning, og kva syklar han på? Skapningen kan verke hjelpelaus, fjernt fra det kontrollerte.

Men han er ikkje utan humor, retning og uthaldenheit. I grunn er hodet løfta og han navigerer ganske rakt i det openbert vanskelege og nærmast absurde.

For meg viser bildet at ein kan bli plassert i ein overveldande og utfordrande situasjon, men at det også finst moglegheiter for å oppleve kontroll i alle fall på deler av det heile. Desse moglegheitene er det verdt å ta vare på og bruke. Eg håper det eg har skrive kan bidra til å gi deg ei slik moglegheit. 

Takk til psykologspesialist Borrik Schjødt som har lært meg mykje om emnet. 

Vennleg helsing,
Ingebjørg Nedrebø
Overlege ved Seksjon for Smertebehandling og palliasjon, Haukeland universitetssjukehus