HELSENORGE

Ikkje gi opp håpet

Rådgjevar Mirjam Østevold intervjua 20 par ved Kreftavdelinga for å finna ut korleis tilsette påverkar pasientar og pårørande, og kva desse ønskjer seg av tilsette.
Østevold
Ettersom sjukehuset blir for eit nytt landskap å rekna, også språkleg sett, som dei må orientera seg i, blir tilsette å sjå på som ei trygg hamn, ideelt sett. Dei spurte følte nemleg på ein maktubalanse. Men all den tid det er, og må vera, sånn at dokterar og anna helsepersonell sit på det meste av og den viktigaste kunnskapen, blir det desto viktigare at behandlarane forstår at puslespelet er større enn sjølve behandlinga. Det kan gjera forholdet jevnare.

Å ha ein god relasjon kunne gi ein følelse av kontroll, som ein jo gjerne føler ein har missa totalt når ein får kreft. Så då gjekk det mellom anna på kommunikasjon; tilsette må ta ansvar for korleis ting blir formidla, og framfor alt syta for at brukarane blir sett, sett som meir enn eit tilfelle.

Konkret kunne det gå på at pasientar og pårørande i lag med sjukepleiarar og andre snakka om korleis det var å vera i denne situasjonen, eksempelvis ta opp påverknaden på parforholdet som sådan, korleis var det heime osv. Dernest framheva dei intervjua at håpet var det fremste for dei, derfor ville dei ha hjelp til å håpa. Det kunne ta form av verbal støtte, som «dette får me til, me er her for deg på vegen», eller små mål som «du klarer denne perioden, så kan me få målt effekten etterpå». Såleis blir fagpersonane eit støtteapparat, desto viktigare for dei klientane som evt ikkje har mange rundt seg.

Pårørande i seg sjølv er jo ein del av støtteapparatet, ikkje berre sjølv berørt, og nokre av dei sa at det var så psykisk belastande å vera tøff for den andre lenge. Av den grunn bør folk på sjukehuset tenkja over korleis dei er overfor pårørande. Eìn enkel måte dei ansvarlege kan hjelpa pårørande til ikkje å sjå på seg sjølv som nedst i hierarkiet på, er å la dei sitja som ein likeverdig ved bordet under ein samtale.

Mirjam Østevold er leiar av Vardesenteret og familieterapeut.