Haukeland universitetssjukehus skal vere eit kraftsenter for kreft

Administrerende direktør Eivind Hansen skriv om korleis Haukeland universitetssjukehus rustar seg til å møte framtidas mange behov innan kreftomsorga.

Hansen
Eivind Hansen, administrerende direktør i Helse Bergen
Kreft er ein av våre største folkesjukdommar. Over 33000 nordmenn blir ramma kvart år.  Sjukdommen har vore med oss lenge, og vi veit at aukande alder i befolkninga vil gi endå fleire tilfelle i framtida. Haukeland universitetssjukehus rustar seg til dette på fleire frontar.

Allereie i skrifter frå oldtida er det skildra korleis ein fjerna svulstar og utførde mastektomi der heile brystet blei fjerna. Seinare har heldigvis både kreftkirurgien og anna behandling av sjukdommen utvikla seg. Stråleterapi blei tatt i bruk allereie tidleg på 1900-talet og blir utvikla den dag i dag, og cellegift revolusjonerte kreftbehandlinga i andre halvdel av førre århundre, slik vi no ser at immunterapien tar stadig nye og spennande steg.  Med immunterapi, der kroppens sitt eige immunforsvar blir sett betre i stand til å bekjempe kreftcellene, pluss forskinga innan genterapi, set berre fantasien grenser for moglegheitene innan persontilpassa kreftbehandling. Forskningsmiljøa i Bergen er langt framme. Alt i alt gjer dette at stadig fleire overlever kreft, og at stadig fleire lever lengre med sjukdommen.

Sjølv om kreftkirurgi er vår eldste behandlingsform, betyr det slett ikkje at denne behandlinga ikkje har utvikla seg eller blitt mindre viktig. Snarare tvert imot. Kreftkirurgi er framleis heilt sentral i behandlinga av ei rekke kreftformer. 80 prosent av pasientane som overlever ein kreftdiagnose har vore kirurgisk behandla.  «Kirurgisk behandling er den viktigste kurative behandlingen for kreft enten alene eller i kombinasjon med strålebehandling og/eller medikamentell behandling.» ( Helsedirektoratets utgreiing om kreftkirurgi 2015)

Kirurgi med Da Vinci-robot

Dei siste 10-20 åra har kirurgien endra seg med stadig meir bruk av såkalla kikkhull- og robotkirurgi. Det skjer og her på Haukeland universitetssjukehus. I 2009 fekk vi, som ei av Trond Mohns mange rause gåver, ein såkalla Da Vinci-robot. Nyleg fekk vi den gledelege nyheita om at vi får endå ein slik kirurgirobot. Det får stor betydning på mange ulike plan. Fyrst og fremst for pasientane, men og for den enkelte kirurg og for heile sjukehuset.  

Kirurgisk presisjon er eit omgrep.  Ein robot tar denne presisjonen til nye høgder. Da Vinci er aldri ustø på handa, og kombinert med sylskarpe videobilde kan operatøren fjerne svulstane meir nøyaktig og effektivt. Han kjem og betre til på tronge og utilgjengelege stader. Det betyr at ein lettare kan fjerne heile sjukdommen/svulsten og dermed redusere risikoen for seinare spreiing og tilbakefall. For pasienten er det dessutan ein stor fordel at ein slepp å bli «opna opp». Det gir mindre skade på vitale strukturar som nerver, blodårer og andre organ. Det gir igjen mindre smerter, blodtap og dessutan raskare rehabilitering for pasientane. Kortare liggjetid er bra for både den einskilde pasient og for sjukehusøkonomien.

At vi kan tilby topp moderne utstyr gjer oss altså i stand til å bli endå betre til å oppfylle opp til fleire av grunnpilarane i strategien vår: «Pasientperspektivet i alt vi gjer» er overbygninga, men og «Innovasjon og forsking som utviklar tenestene» og «Dyktige og engasjerte tilsette» kan vi huke av i denne samanhengen.

roboten
Roboten

Robotarmane blir styrt av to «joystickar» og gir dermed betre ergonomiske arbeidsforhold for operatøren. Dessutan gjer tilgang på slikt topp moderne medisinsk utstyr sjukehuset til ein mer attraktiv og innovativ arbeidsplass. Dette er viktig for å tiltrekkje oss kompetent arbeidskraft og for å oppretthalde Bergen og Vestlandet som eit regionalt senter for kreftbehandling.  Ifølge kirurgane gir ein robot også kortare opplæringstid i nye prosedyrer.

Kreftkirurgien er blant dei fagfelta som har hatt størst nytte av robotkirurgi.  Frå rundt 70 operasjonar det fyrste året er vi no oppe i nesten 300. Foreløpig er det flest urologiske inngrep med gynekologi på en god andreplass, men vi ser og ein auke i gastro- og akuttkirurgi.  Stadig nye pasientgrupper har nytte av robotkirurgi, blant anna hjerte og øre-nese-hals, og derfor er ein ny robot veldig kjærkommen. Dette er framtida og eg er glad for at vi er langt framme på dette området.

PET-skannar

Ein ny kirurgirobot er ikkje det einaste nye på Trond Mohns etter kvart milelange gåveliste til Haukeland universitetssjukehus. Der står også ein ny CT/PET-skannar. Også her er nytteverdien for pasientane svært stor. Med ein ny CT/PET-maskin aukar kapasiteten på Haukeland universitetssjukehus med 50 prosent. Det vil gi betre bildekvalitet, raskare undersøkingar og redusert strålebelastning. Samtidig er maskina betre eigna for dosebehandling og gir betra protokollar ikkje berre innan onkologi (kreftbehandling), men nevrologi, kariologi og infeksjonstilstandar.

Eit lignande Mohn-finansiert prosjekt er og snart klar til å bli tatt i bruk. Ny MR/Pet blir installert i Parkbygget og skal vere i drift innen utgangen av 2018. Vi har sett av 25 millionar kroner til ombygging. Denne maskina fusjonerer såkalla anatomiske og metabolske bilde som bidrar til å kunne gi meir presis diagnose og meir skreddarsydd terapi, for eksempel svulstkarakteristikk.  Dette gir både betre moglegheit for utgreiing og såkalla terapimonitorering. Ei ny slik maskin har dessutan meir skånsame ikkje-ioniserande stråler, noko som er spesielt viktig knytta til barn og unge.  

Partikkelterapi

Og når vi er inne på meir presis og skånsam kreftbehandling, må eg nemne arbeidet med å etablere eit nytt protonsenter i Bergen. Stortinget har vedtatt dette og pengane er bevilga.  Mange har gjort ein stor jobb her, med avdelingsdirektør ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Olav Mella, som ei drivkraft. Alt ligg no til rette for at vi har eit topp moderne senter for partikkelterapi på tomta i Haukelandsbakken seinast i 2025.

Denne kontinuerlige teknologiske utviklinga, kombinert med gode og tverrfaglege pasientforløp legg til rette for at vi står godt rusta til å møte framtidas mange behov innan kreftomsorga.

Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen