HELSENORGE

God kommunikasjon gir betre dokterar

Sjukdom er ikkje for amatørar. Doktorar som er elendige i kommunikasjon er også dårlegare reint teknisk, så det er nytte i god kommunikasjon med doktorar, dette seier fastlege og forfattar av boka "Lytt. Legerolle og kommunikasjon", Edvin Schei.

Edvin Schei

Å bli sjuk er ikkje for amatørar. Men det er amatørar vi er når kropp og sinn sviktar, når vi mister den stillferdige tilstanden vi kallar «frisk». Når eit skremmande symptom dukkar opp, eller ein tøff diagnose, begynner vi å tumle med plagsomme spørsmål: Kva har skjedd,  kva vil skje viss eg ventar med å gjere noko, korleis vil det gå med meg?

Dei som undersøker kva pasientar treng når sjukdom rammar, får to svar: Eg treng ein doktor som er teknisk dyktig, og eg treng ein doktor som «ser meg». Det første er sjeldan eit problem. Det andre derimot, er inga sjølvfølge. 

Å møta blikket er fagleg

Doktorar har trening i å møte sjukdom på ein systematisk måte, det finst prosedyrar og ferdigheiter ein må kunne, ein blir testa på eksamen og så vidare. Men å gi pasienten full merksemd og ei oppleving av å «bli sett» er ikkje noko doktorane har fått tilsvarande trening i. Dei fleste tenker rett og slett ikkje på det som ei «fagleg» oppgåve. Men eigentleg er doktorar som er elendige i kommunikasjon også dårlegare reint teknisk – dei overser diagnosar, dei bruker fleire ressursar unyttig, dei gjer oftare feil og får fleire klagesaker.

Mindre målbart er det som gjerne er aller viktigst for pasienten – betydningane av at doktoren møter blikket ditt, høyrer på det du seier, og blir rørt av det som er viktig for deg. Dette er sjølvsagt også «fagleg», sidan dokterars oppgåve er å vere til hjelp for heile mennesket, ikkje å vere ein kroppsteknikar med tunnelsyn. Dødeleg sjukdom og alvorlege kriser krev tett relasjon. Ofte vil doktoren vere den einaste ein kan snakke med om dei mest sårbare konsekvensane av sjukdom eller død. 

Helse Vest løftar kommunikasjonen

Både overfor medisinstudentar og helsepersonell som allereie er i arbeid set ein inn tiltak.

På legestudiet i Bergen har ein i ny studieplan eit læringsmål som handler om dette: «Studenten skal kunne vise vilje og evne til å forstå sine pasientars tankar og følelsar og omsetje forståinga i individuelt tilpassa handlingar retta mot helbredelse (når det er mogleg), lindring (når det er mogleg) og trøyst (alltid)».

Desse måla for doktorars arbeid er tretusen år gamle, og like gyldige i dag. Vidare er ambisjonen til Haukeland universitetssjukehus å kurse alt helsepersonell i kommunikasjonsferdigheiter i løpet av nokre år, jamfør anna sak. Det nye er at doktorar får rettleiing i å utvikle språk for å vere nysgjerrig på kva pasienten har opplevd, kva pasienten sjølv tenker om sjukdom og symptom, og sette seg inn i og spegle pasientens følelsesmessige reaksjon. 

Kva kan du som pasient gjere?

Mens vi ventar på at doktorar og andre fagfolk skal bli trent i god kommunikasjon, for det tar lang tid, er det nokre tips du som pasient kan nytte. Mange treng pasientens hjelp for å kommunisere godt. Ein kan dessverre ikkje gå ut frå at doktoren forstår «det opplagte», det som er viktigst for deg. Mitt første råd til deg som pasient er: Still førebudd, viss du kan. Notér gjerne stikkord på eit ark du tar med. Tenk gjennom hva det er viktig å få ut av legebesøket, snakk gjerne med nokon som kjenner deg. Her er nokre ting du bør ha tenkt over:

  • Kva vil du aller helst at doktoren skal forstå i dag? Kva vil du ho skal gjere?
  • Kva er dine eigne forklaringar på symptoma, plagane, sjukdommen? Er du einig med dokteren, eller er det viktige ting ho ikkje har forstått?
  • Kva er du engsteleg for? At undersøkinga skal gjere vondt, at du skal miste jobben, at du skal bli stygg, at du ikkje skal kunne gå i fjellet lenger, at du skal dø? Når du er klar over kva slags tankar som plagar deg vil du kunne vurdere om du vil dele dei med doktoren. Ho kan ikkje vite hva du plagast av viss de ikkje snakkar om det.

Men kanskje du har ein doktor som er veldig travel og alltid les på skjermen? Korleis skal du då få ein god samtale?

Mitt råd er at du planlegg ein måte å vere tydeleg på, at du tar initiativet, slik at doktoren kan forstå at du treng noko ho ikkje tenkte på. Men du vil jo ikkje trakke på doktorens tær. Pass så på at doktoren verkeleg høyrer på deg før du går vidare. Prøv aldri å komme med betroelsar til ein som har merksemda djupt festa i dataskjermen. For eksempel kan du prøve dette: «Doktor, eg synest du gjer ein veldig god jobb for å hjelpe meg!» Doktoren ser opp og smiler, seier takk. «Men i dag treng eg berre at du høyrer litt på meg. Eg tenker ikkje at du skal løyse problema, berre vite korleis eg har det. Er det OK, har du tid?» 

 

Edvin Schei, professor i medisin ved Universitetet i Bergen og vinnar av Olav Thon Stiftelsens nasjonale fagpris for framragande undervisning.

Omsett til nynorsk av red.