Hei, namnet mitt er Thomas, og dette er mi historie.
Det var sommar 2016 og eg var 16 år gammal, ein periode i livet då ein framleis er lykkeleg uvitande og ikkje har så mykje ein treng å bry seg om, men og ein periode då ein er i ferd med å bli ein vaksen. Det var mykje som skjedde då: skule, venner, familie, kanskje ein jobb? og ein kjærast? Eg hadde mykje i vente, dessverre også kreft. Livet mitt blei snudd opp ned på ein augneblink då eg fekk osteosarkom. Likevel, eg kan hugse at eg tok beskjeden ganske fint. Eg fekk veldig god informasjon og hjelp frå dokterar og sjukepleiarar, og ikkje minst familien min.
Å halde på positiviteten er veldig viktig, like viktig som behandlingar ein får, meiner jeg. Viss eg kan gi eitt tips til korleis halde positiviteten gåande, så er det å la seg sjølv bli distrahert.
Å gjere seg sjølv blid
Så positiv og open som eg var, og fremdeles er (heldigvis), var det første eg gjorde å gi beskjed til vennene mine på snapchat. For meg så var det veldig viktig å ha kontakt med vennene mine, men det var ikkje alltid dei kunne besøkje meg. Dei begynte på VG1, dei blei med andre ord kjent med nye folk og opptatt med å tilpasse seg eit nytt skulemiljø, så dei hadde ikkje alltid tid.
Etter ønske fekk eg ein iPad frå Kreftforeningen, og det var ein kjempegod god ting å ha - eg kunne slå ihjel tida med den, blant anna kunne eg sjå på morsomme youtube-videoar eller filmar og seriar. Eg anbefaler komediar, for ein får masse ut av ein eller tre gode latterar.
Å drive med hobbyar er også ein bra måte å gjere seg sjølv blid på. For meg var det å spele piano, men det kunne eg ikkje gjere i starten av behandlingen på grunn av smertene. Etter kvart begynte eg å miste inspirasjon og motivasjonen til å spele sjølv. Heldigvis hadde eg musikk på ipaden, det heva humøret mitt kvar dag.
Det er også tilbod på sjukehuset for ungdommar og vaksne opptil 35 år, nemleg Ungdomsrommet, og det er eit veldig godt tilbod. Eit koseleg lite rom der ein kan slappe av og gjere alt mogleg, frå matlaging til spel og leik. Der har dei også ein hyggjeleg og engasjert leiar som kan fikse nesten alt mogleg, frå utandørsaktivitetar som paintball, kino, bowling, til og med møte med kjendis (eg fekk møte Kygo), så det anbefaler eg skikkeleg å besøkje.*
Etter ca. eit år var eg ferdig med primærbehandlinga, i august 2017. Etter endt behandling orka eg meir og meir skule, å vere meir ute og så vidare. Eg hadde utvikla meg mykje følelsesmessig og hadde fleire modne tanker også. Ting gjekk bra fram til februar i år, 2018.
Tilbakefall
Eg merka at eg fekk meir smerter. Samtidig fekk eg vite av dokteren at dei hadde funne ein flekk under hovedsvulsten, men han var usikker på om den var kreft eller berre biverknad av strålebehandlinga eg hadde hatt. Då storma det så mange tankar i hovudet mitt. Eg var redd, eg var forvirra. I tillegg såg eg ein video på facebook der nokon snakka om metastatic cancer, som betyr spreiing (trinn 4 kreft, siste trinn). Eg begynte å forestille meg dei verste scenario, og eg grein mykje i den uvisse perioden. Eg innsåg kor glad eg er i familien min, i vennene mine, ja i den taxisjåføren eg møtte for ikkje så lenge sidan som brydde seg så mykje om meg, og eg hugsa dei gamle gode minner eg hadde med alle saman. Det var skummelt å tenkje over kor nær døden eg kunne vere.
Ein månad seinare blei det bekrefta at flekken var tilbakefall av sjukdommen, noko som betydde at eg må gjennom fleire behandlingar. Eg får ein ny medisin denne gongen, ei intravenøs strålebehandling, ein injeksjon som tar cirka ein time pr behandling, så eg slepp å vere igjen på sjukehuset etterpå.
Eg tok denne beskjeden ganske fint også, sidan eg hadde førebudd meg og grine ganske mykje. Eg tok 2 tatoveringar rett før behandlinga. Den eine minnar meg på at eg skal vere positiv, og den andre minner meg på at eg skal «hold on to your dear life», som det heiter på engelsk:

Først og fremst har vi to hjarteslag og eit semikolon. Første slag er livet mitt fram til eg fekk kreft, som er semikolonet, men eg let ikkje kreften dra meg ned og overkjem han, så det andre hjarteslaget er livet mitt som fortset etter ein tøff periode.
Bak på pilen er det eit kryss med ein F, ei bølgje og ei sol. Krysset representerer Kygo, min favorittartist. F står for family and friends, sol og bølgje fordi eg elskar å bade på strender og sole meg - og eg blir glad og positiv når eg ser ein av dei tinga eller begge delar.

B+ på fingaren fordi eg høyrde ein song der teksten var «Ilive life like my bloodtype B+ (be positive)». Seinare fann eg ut at B+ også min blodtype.
Ei veke seinere kom nyheita at den svenske DJ Avicii var gått bort. Det er den verste sjokkbomba eg nokon gong har fått og påverka meg meir enn eg trodde det skulle gjere.
Og så hadde jeg gebursdagsfest dagen etter, eg blei 18. Det gjekk ganske fint, men etter festen begynte eg å få nye tankar igjen.
Eg syntest livet var meiningslaust, eg var uinspirert og umotivert. Alt blei så nøytralt, til og med musikk, som betyr veldig mykje for meg, syntest eg plutseleg ikkje spesielt om. Men heldigvis, etter ei tøff veke klarte eg å komme meg nokolunde over det og følte meg mykje lettare. Dette er historia min så langt, eg håper ho vil fortsetje og at ho har en såkalla happy ending.
Thomas N.
*
Er du ung?
Ring gjerne Ungdomsrommet, så er det sikkert ikkje umogleg at noko kan fiksast spesifikt for deg. Telefonen 55 97 82 56 blir besvart føremiddagar. Red.anm.