HELSENORGE

Statistikk på forsking

graf

Finansieringsmodellen for forsking på universitet og høgskular nyttar mellom anna publikasjonspoeng, eit vekta uttrykk for publiseringsaktivitet og nivå. 

Haukeland universitetssjukehus samarbeider mykje med Universitetet i Bergen, eksempelvis Klinisk institutt 1 som befinn seg på Haukeland. Som instituttet sjølv skriv på nettsida si: «Samarbeidet vises på forfatterlisten for publikasjoner.»

Les meir om forskingssamarbeid ved Universitetet i Bergen 

Nasjonalt sett hadde universiteta 80,6 % av poenga i 2015. Av desse hadde Universitetet i Bergen 13,9 poeng, det var ein tredje plass bak Universitetet i Oslo og NTNU, viser Database for statistikk om høgre utdanning(DBH) 

Publikasjonar frå helseinstitusjonar meir sitert

Forskningsbarometeret, som presenterer indikatorar for norsk forsking og innovasjon, analyserte i 2016 helse og omsorg nærmare. Ein såg då at publikasjonar frå helseinstitusjonane blir relativt sett meir sitert enn publikasjonar med forfattarar fra universitet og høgskular.

– Statistikk er en viktig informasjonskilde i utformingen av en kunnskapsbasert politikk, og Forskningsbarometeret bidrar til det. Den norske medisinske og helsefaglige forskningen har relativt høy innflytelse internasjonalt målt gjennom site­ringer av vitenskapelige publikasjoner, og klinisk medisin er blant fagfeltene i Norge som siteres mest i forhold til verdensgjennomsnittet, skriv kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i innleiinga til Forskningsbarometeret.

Her fylgjer eit anna utdrag frå Forskningsbarometeret:

– For de fire største helseforetakene var rundt 8 prosent av publikasjo­nene deres blant de ti prosent mest siterte i fagfeltet fra samme tid. Indeksen for gjennomsnittlig relativ siterings­hyppighet lå for disse fire fra i underkant av 40 til nesten 60 prosent over verdensgjennomsnittet, størst ved Oslo universitetssykehus HF og lavest ved Haukeland universi­tetssjukehus (Helse Bergen HF).

Les meir - Forskningsbarometeret 2016 (pdf)

  

Red. Lilly Vinje