HELSENORGE

Plantestoff hemmar hjernesvulst

Jebsen-senteret viser at kreftspreiing til forsøksdyrs hjerne blir hemma av plantestoff, derfor planlegg senteret no kliniske studiar på pasientar. Ved prof. Rolf Bjerkvig, senterleiar.

Hjernekreft kan delast i to hovedgrupper. Den eine gruppa omfattar kreft som oppstår i hjernen (gliomar) og den andre av kreft som sprer seg til hjernen fra andre organ (metastasar). Dagens behandling består av kirurgi, strålebehandling og bruk av cellegift (cytostatika). For nokre av desse kreftformene er behandlingsresultata gode, men for dei mest alvorlege er prognosen i dag dårleg. 

Plantestoff hemmar kreft  

Spreiing av kreft til hjernen (hjernemetastasar) er ein vanleg komplikasjon hos kreftpasientar, og ein reknar med at årleg får omtrent 1.5 millionar pasientar i Europa dette. Dagens behandling, spesielt der pasientar har fleire påviste metastasar, er vanlegvis ikkje tilfredsstillande og det drivest ei omfattande forsking for å finne meir effektiv behandling.

Forsker med mikroskop. Foto
Professor Frits Thorsen ved mikroskopet. Foto: Per Øystein Sakariassen

Professor Frits Thorsen og hans forskingsgruppe i Jebsen- senteret har i mange år studert kreftspreiing til hjernen. Dei har utvikla unike dyremodellar, der ein pasients kreftceller blir injisert i blodstraumen til forsøksdyr. Ein kan såleis studere kreftspreiinga til hjernen i dyra, på samme måte som ho oppstår i pasientar.  

I ei nyleg studie viste Thorsen og gruppa hans at kreftspreiinga til dyras hjerne blei hemma av eit plantestoff som finst naturleg i nøtter, vegetabilske oljer og enkelte frukter. Ved hjelp av avansert bildeteknologi (MRI) kunne ein vise at antal svulstar i hjernen på dyrea gjekk drastisk ned etter behandling, og dyra levde vesentleg lengre enn ubehandla dyr. Tre av forsøksdyra blei til og med heilt friske.

MRI avbildning
MRI avbildning av hjernemetastasar i ubehandla og behandla mus.

På bakgrunn av desse lovande resultata er KG Jebsen-senteret no i ferd med å planlegge kliniske studier, kor pasientar med kreftspreiing til hjernen blir gitt dette stoffet. Det er endå eit stykke vei å gå, då alle nødvendige godkjenningar fyrst må vere på plass. Thorsen håper å kunne rekruttere pasientar i løpet av 1-2 år.  

I prosjektet fremheves det gode samarbeidet med Nevrokirurgisk avdeling og Avdeling for Kreftbehandling og Medisinsk Fysikk. Nevrokirurg Terje Sundstrøm har vært en viktig partner, og hans arbeide i prosjektet har vært en del av hans doktorgradsarbeide.

Rolf Bjerkvig, Ph.D
Professor, Institutt for Biomedisin

(Fyrst publisert 29.01.16.)  

Du kan lesa meir på nettsidene til Universitetet i Bergen

Kristian Gerhard Jebsen-senteret

Kristian Gerhard Jebsen-senteret ved Universitetet i Bergen og Haukeland sjukehus, der eg er leiar, studerer korleis kreftsvulstar oppstår og veks i hjernen. Gjennom mange års forsking har vi fått ei grunnleggande forståing av dei biologiske prosessar som ligg bak hjernesvulstars vekst og spreiing og målet er å bruke denne forståinga for å kunne utvikle ny og meir effektiv behandling. Som nemna finst det også kreft som oppstår i hjernen (gliomar). Forsking ledet av Dr. Lars Prestegarden har funne at gamle medikament som før blei brukt til psykiske lidingar (schizofreni) viser seg å ha ein effektiv verknad på gliomar i dyreforsøk.  På bakgrunn av desse resultata er forskingsgruppen, i samarbeid med Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, i ferd med å planlegge kliniske studier der ein vil undersøkje om denne behandlinga er effektiv mot pasientar som har glioblastom (den mest alvorlege forma av gliomar).