Dei fleste som får blodkreftsjukdommen akutt myelogen
leukemi er eldre personar, om lag 200-250 personar i året i Noreg, og dei toler
ikkje den kraftige kjemoterapien som vert tilbydd yngre og sterkare pasientar.
Det er difor eit stort behov for å utvikle nye medikament som kroppen til dei
eldre toler, og som gjev effekt mot kreftcellene.
Snu det negative til det positive
Vi trur at vi kan lage smartare behandlingsstrategiar ved
målretta å utnytte feilinstruerte
protein, sånn at byggverket, kroppen, blir kreftfri.
Arvematerialet,
DNAet vårt, er oppskrifta på deg. Men lik ei bakeoppskrift så trengst det
bearbeiding for å danne det ferdige produktet – alle cellene som du består av.
I kroppen din betyr det at DNA vert omsett til protein, arbeidshestane til
cellene. Skal cellene gjere jobben sin må ikkje oppskrifta endrast for mykje,
for viss ein har feil i arvematerialet
fører det til at proteina får feil arbeidsinstruksjon, noko som kan føre til
kreft.
Ein svulst blir til
Feil
instruksjon kan gjere at byggjesteinane får cellene til å dele seg uhemma til
ein kreftsvulst, får dei til å vandre rundt i kroppen og lage ein ny koloni på
ein stad dei ikkje skal vere, eller får dei til å skru av maskineriet som skal
oppdage celler som ikkje oppfører seg som dei skal.
Kreftens
superkrefter
Ved å
kartleggje pasientar sine protein og korleis proteina reagerer på medisin,
håper vi å avsløre kreftsjukdommen sine superkrefter, og å finne deira svake
punkt.
Vi har
valgt å fokusere delar av forskinga vår på fosforylerte protein. Dette er
protein som har ei kjemisk gruppe som heiter fosfogruppe, og akkurat dette er
beskjeden proteinet treng for å vakne opp frå dvale for å starte og arbeide. I
mange krefttypar ser vi at denne mekanismen er utnytta av kreftcellene for å
tvinge proteina til å jobbe når dei egentleg skulle ha vore i dvale. For å kunne
undersøkje dette har vi behandla leukemiceller med ulike medikament og bruker
avanserte analysemetodar for å sjå korleis proteina jobbar med eller mot
medikamentet.
Gamle medikament blir som nye
Eit medikament vi har jobba med er valproatsyre, ein medisin
som vanlegvis blir brukt for å behandle epilepsi. Vi ser at ei gruppe av eldre
og svake pasientar som ikkje kan få kjemoterapi for akutt myelogen leukemi har
god nytte av valproatsyre, medan nokre pasientar dessverre ikkje responderar i
det heile. Når vi undersøker blodkreftcellene til pasientane ser vi at det er
forskjell i aktivitetsnivået til fosfoproteina mellom dei som responderer og
dei som er resistente mot behandlinga.
Desse fosfoproteina dannar ein slags strekkode for
behandlingsrespons som vi, ved hjelp av ein blodprøve, kan bruke for å finne ut
kven som kjem til å ha nytte av medikamentet før behandlinga har starta. I
tillegg kan det hjelpe oss å finne ut om vi kan kombinere valproatsyre med
andre medisinar som også motverkar at protein gjer feil jobb i pasientane som
ikkje er sensitive nok for valproatsyre. (For dei aller, aller fleste vil ein
ønske å kombinere valproat med eit anna medikament for å treffe kreftcellene
frå fleire vinklar, for då klarer dei ikkje nødvendigvis å bli immune.) Framover
jobbar vi for å utnytte den informasjonen vi har om desse proteina til å
spesialdesigne behandling som kan komme pasientar til nytte i framtida.
Dette arbeidet er forankra hjå Klinisk Institutt 2, og har
mottatt støtte frå Kreftforeningen.
Rakel Brendsdal Forthun, PhD.
Forskar ved Medisinsk avdeling
Haukeland universitetssjukehus