HELSENORGE

Oppdatering av prostatakreftbehandling pågår

MR + digitalisert kropp = 0 prostatakreft? Forskar Are Losnegård gjer sitt for at datamaskiner skal kunne bidra til å kurere kreft.

Ved Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen blir det forska på om datamaskiner kan brukast på nye og betre måtar for å diagnostisere og behandle prostatakreft.

Foto av forskaren
Portrett av artikkelforfattar
 

I ein del tilfelle er svulstane svært krevjande å gjenkjenne på MR-opptak. Ein håpar at dei lettare kan oppdagast ved å bruke datamaskiner og at desse også kan gjere det enklare å skille aggressiv frå mindre aggressiv kreft i prostata.

PC som dokterassistent

Forsking på digitale bildebehandlingsteknikkar er utbredt og skjer eksempelvis i direkte tilknyting til medisinsk forsking, mellom anna på kreft i forskjellige organ. Teknikkane er ofte basert på matematiske verktøy og blir programmert på datamaskiner.

I prosjektet vårt forskar vi mellom anna på korleis vi kan bruke datamaskiner til å finne kreftsvulstar ved hjelp av MR-opptak.

Dataprogram som kan brukast for å leite etter kreft blir kalla computer-aided detection-system (CAD). Det foregår allereie ein del forsking på sånne CAD-system, også for andre kreftformer som brystkreft. I ein del tilfelle er svulstane svært krevjande å gjenkjenne på MR-opptaka, og ein håpar at desse lettare kan oppdagast ved å bruke datamaskiner, ved hjelp av CAD-system. Slik sett håper ein at det kan bli nyttige tilleggsverktøy.

Vi nyttar avanserte matematiske verktøy for at datamaskina skal forstå kva ho skal leite etter, ved at ho ser etter mønster og intensitetsverdiar i MR-opptaka, og samanliknar med blodkar, som har ein del til felles med ein kreftsvulst. Resultata som datamaskina kjem fram til, samanliknar vi så med funna til radiologar og patologar for å undersøkje kor godt det fungerer.

Digitalisert kreft

I prosjektet vårt forskar vi også på korleis vi kan samanlikne digitaliserte snitt av vekkoperert prostata med MR-opptak. For hos ein del pasientar blir heile prostata fjerna.

I etterkant blir prostata delt opp i tynne snitt - histologiske snitt - som kan undersøkast i mikroskop. Her kan ein med større nøyaktigheit enn i MR-opptak bestemme kor kreftsvulsten er og kor aggressiv den var, samt ein del andre ting som for eksempel om svulsten vaks utanfor sjølve prostatakapselen. Desse tynne snitta kan altså digitaliserast.

Så – viss vi lukkast i samanlikninga av digitaliserte snitt av vekkoperert prostata med MR-opptak via avanserte bildebehandlingsteknikkar, vil vi kunne lære opp datamaskina via nøyaktig informasjon om forskjellige kreftsvulstar. Denne informasjonen kan datamaskina så bruke til å finne kreftsvulstar hos nye pasientar som har vore til MR-undersøking før biopsi.

Ekstra nytteverdi

Ein del prostatapasientar får strålebehandling. Tradisjonelt blir desse undersøkt med CT, men MR-opptak kjem truleg også til å spele ei viktig rolle i framtida. Strålebehandlinga blir planlagt basert på omriss av sjølve prostata, dersom heile prostata skal bestrålast.

I prosjektet jobbar vi med å nytte matematiske verktøy til å finne omrisset av prostata, i tillegg til kreft-svulstane. Med nye teknikkar for strålebehandling, som til dømes protonterapi, kan behandlinga rettast mot den mest aggressive svulsten. Slik sett kan færre få tilbakefall og ein unngår å bestråle friskt vev. Det er derfor venta at teknikkane vi jobbar med vil bli endå meir nyttige i framtida.

(Fyrst publisert 22.12.15.)

 
Are Losnegård, forskar

Forskingsgruppa består av professorar, forskarar og ein overlege, mellom anna frå Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk.