HELSENORGE

Nye typar bilde skreddarsyr behandling av livmorkreft

På Haukeland universitetssjukehus får livmorkreftpasientar tilbod om avanserte bildeundersøkingar før operasjon, for å få best mogleg oversikt over kreftssjukdommens utbreiing og aggressivitet. Funn i bilda er med på å skreddarsy behandlingstilbodet.
portrettbilde av Kristine E. Fasmer
Ved Ph.d student og medisinsk fysikar Kristine E. Fasmer, PET-senteret,

Portrettbilde av Ingfrid Haldorsen
Vegleiar er professor og radiolog Ingfrid Haldorsen, Radiologisk avdeling.

Livmorkreft og operasjon

Livmorkreft blir vanlegvis behandla med operasjon der ein fjernar livmor, eggstokkar og eggleiarar, og også lymfeknutar i bekkenet ved mistanke om spreiing til desse. Etter operasjonen blir livmora undersøkt for å fastslå nærmare svulstens utbreiing og kva krefttype det er. Kreftsvulsten blir også undersøkt med avanserte vevsprøveanalysar som gir tilleggsinformasjon om kor aggressiv svulsten er. Resultata frå det kirurgiske inngrepet og vevsprøveanalysane tas med i vurderinga av om det skal tilbys ytterlege behandlingar som strålebehandling, hormonterapi eller cellegift.

 
 

MR- og PET-funn som markørar før operasjon

 Bildefunn før operasjonen blir med i vurderinga av kva kirurgisk behandling som vil vere best for kvar enkelt pasient. For eksempel kan bildefunn ha betydning for å avgjere om det er sannsynleg at pasienten har nytte av få fjerna lymfeknutar under operasjonen.
Magnetisk resonanstomografi (MR) og positron emisjonstomografi (PET) gir nyttig informasjon om svulsten før operasjon er utført. Frå dei avanserte bilda kan ein seie noko om kreftsvulstens vekstmønster, blodforsyning, stoffskifte, utbreiing i tillegg til å påvise teikn til spreiing. 
 

MR og PET bilete
Eksempel på PET- og MR-bilde frå ein pasient med livmorkreft, svulsten er markert med piler. PET-bilda viser at svulsten har høgare stoffskifte enn det omliggjande vevet. På standard MR kan radiologen vurdere bl.a. størrelsen til svulsten, mens i det funksjonelle MR-bildet kan ein sjå at store delar av svulsten har lav blodgjennomstrømming.


Funksjonell MR er ein type MR undersøking som også gir informasjon om svulstens funksjonelle eigenskapar, slik som vekstmønster og grad av blodforsyning. Nyare studier utført i Bergen har vist at dei mest aggressive livmorsvulstane har lavare blodgjennomstrømming enn dei mindre aggressive svulstane. Lav blodgjennomstrømming i svulsten trur ein kan føre til oksygenmangel (også omtalt som hypoksi), noko kreftcellene dessverre kan tilpasse seg, slik at dei blir meir motstandsdyktige mot behandling. Desse pasientane har større risiko for tilbakefall, og høgrisikopasientar vil nokre gonger kunne tilbys eit meir omfattande behandlingsregime for å bøte på dette.

For livmorkreft er PET nyttig for å finne ut om kreften har spreidd seg til lymfeknutar i bekkenet eller til andre organ i kroppen, og dette kan vere til hjelp for å bestemme om ein for eksempel skal fjerne lymfeknutar under operasjonen. Før ei PET-undersøking får pasienten radioaktiv glukose (sukker) tilført via blodet og dette sporstoffet blir transportert rundt i kroppen og kan vere til hjelp for å påvise kor kreftcellene er. Sidan kreftceller oftast forbruker meir sukker enn vanlege celler, vil radioaktiviteten hope seg opp i kreftcellene og føre til at svulsten «lyser» på bildet. Ein PET-skannar kan avbilde radioaktiviteten i vevet og vise kor i kroppen radioaktiviteten har hopa seg opp, noko som gjer at ein kan oppdage ganske små ansamlingar av kreftceller.

PET-bilda blir og analysert med tanke på kor høgt stoffskifte svulsten har. Studiar i Bergen har vist at dei mest aggressive svulstane er dei svulstane med høgast stoffskifte, og desse svulstane har størst sannsynlegheit for å vekse inn i naboorgan eller spre seg til lymfeknutar eller andre delar av kroppen. Pasienter med svulstar som har høgt stoffskifte, har høgare risiko for tilbakefall, og desse pasientane vil særleg kunne ha nytte av PET undersøking slik at dei kan tilbys eit meir skreddersydd kirurgisk inngrep og tilleggsbehandling etter operasjonen.

Saman mot kreft

I vestlege land er livmorkreft den vanlegaste forma for kreft i underlivet og førekomsten aukar. Pasientar med nyleg diagnostisert livmorkreft som blir henvist til behandling ved Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus, har sidan 2009 fått dette tilbodet om avansert avbilding i forkant av operasjonen. Kvinneklinikken har i mange år hatt eit svært godt samarbeid med Radiologisk Avdeling i behandlinga av livmorkreft, noko som har sikra at mange av kreftpasientane deira blir tilbydd avanserte bildeundersøkingar før dei blir operert. Vi er veldig glade for å kunne vere med å bidra til at pasientar med livmorkreft får ei så god og skreddersydd behandling som mogleg.

  1. Tissue and imaging biomarkers for hypoxia predict poor outcome in endometrial cancer.

Berg A, Fasmer KE, Mauland KK, Ytre-Hauge S, Hoivik EA, Husby JA, Tangen IL, Trovik J, Halle MK, Woie K, Bjørge L, Bjørnerud A, Salvesen HB, Werner HM, Krakstad C, Haldorsen IS.

Oncotarget. 2016 Oct 25;7(43):69844-69856. doi: 10.18632/oncotarget.12004.

  1. Metabolic Tumor Volume on 18F-FDG PET/CT Improves Preoperative Identification of High-Risk Endometrial Carcinoma Patients.

Husby JA, Reitan BC, Biermann M, Trovik J, Bjørge L, Magnussen IJ, Salvesen ØO, Salvesen HB, Haldorsen IS.

J Nucl Med. 2015 Aug;56(8):1191-8. doi: 10.2967/jnumed.115.159913. Epub 2015 Jun 4.

  1. Increased microvascular proliferation is negatively correlated to tumour blood flow and is associated with unfavourable outcome in endometrial carcinomas.

Haldorsen IS, Stefansson I, Grüner R, Husby JA, Magnussen IJ, Werner HM, Salvesen ØO, Bjørge L, Trovik J, Taxt T, Akslen LA, Salvesen HB.

Br J Cancer. 2014 Jan 7;110(1):107-14. doi: 10.1038/bjc.2013.694. Epub 2013 Oct 31.