Det er ikkje berre eit mål å kurere kreftsjukdom, men også å gi ei skånsam behandling som i minst mogleg grad påverker pasienten seinare i livet, og ungar har jo eit langt liv framfor seg. Ein viktig forskingsinnsats er derfor å auke presisjonsnivået på strålefeltet, noko proton kan gjere. I doktorgradsarbeidet har eg arbeidd med ein modellbasert metode for å estimere risiko forbunde med ulike former for strålebehandling. Slike metodar kan nyttast til å redusere risikoen for biverknader etter strålebehandling hos pasientar generelt, og reduserer risiko for seinskader hos ungar spesielt.
Reduserer risiko for seinskader hos ungar
Ungar kan vere spesielt sensitiv for strålebehandling, men protonterapi vil betre skjerme frå stråling til friske organ samanlikna med dei strålebehandlingsteknikkane som er mest brukt i dag. At resultata mine viste ein tydeleg nedgang i forventa seinskader for ungar med kreft i sentralnervesystemet, er i tråd med internasjonal forsking som spesielt viser at protonterapi kan redusere risiko for seinskader for ungar og unge pasientar som har utsikter til eit langt liv som kreftfri. Pasientar som har fått strålebehandling har dessutan ein noko auka risiko for kreft seniere i livet, ein risiko som også kan vere avhengig av kva type strålebehandling pasienten har fått.
Dagens raske utvikling innan strålebehandling gir lite rom for å fortløpande vurdere risiko for seinskader gjennom oppfølging av pasientane, då slike effektar kan vise seg først fleire tiår etter behandlinga. Kliniske studier gir dermed kunnskap om eldre teknikkar, og det er derfor viktig å etablere gode metodar for også å kunne vurdere risiko forbunde med nye strålebehandlingsteknikkar. Dette vil også setje oss betre i stand til å utvikle stråleteknikkar på ein måte som minimerer risikoen for seinverknadar.
Fakta om protonterapi
Protonstråler har spesielle fysiske eigenskapar som betre skånar det friske normalvevet i kroppen samanlikna med dagens standard strålebehandling. Ungar kan vere spesielt sensitiv for stråling samanlikna med vaksne pasientar og ein meiner derfor at spesielt ungar har fordeler av slik behandling. Protonbehandling er ikkje etablert i Noreg, men det er inngått avtalar med utanlandske senter for å kunne tilby slik behandling til norske pasientar. Den vidare forskinga ved Kreftavdelinga inkluderer for øvrig modellering av «biologisk» dose særeigen for proton og vil i endå større grad hjelpe til å posisjonere og å utnytte stråledosen meir nøyaktig.
Bygging av ny kunnskap
I doktorgradsavhandlinga blei fleire modellar tatt i bruk for å samanlikne ulike strålebehandlingsmetodar, då med fokus på protonterapi. Det er generelt lite kunnskap om dose-respons forholdet for seinskader frå proton, og modelleringa må baserast på prediktive faktorar frå eldre teknikkar knytta til ulike dosenivå med stråling og respons i spesifikke organ. Desse modellane må ta omsyn til korleis den unike dosefordelinga frå proton vekselverkar med biologisk vev samt eigenskapar om korleis reparasjonsmekanismar verkar inn under strålebehandling. Når trenden og resultata er dei samme ved bruk av fliere strålebiologiske modellar, blir grunnlaget for å konkludere sterkare.
For ungar med kreft i sentralnervesystemet vil vi kunne unngå stråling til store deler av det friske vevet i kroppen, og samtlege modellar viste betydeleg lavare risiko for behandlingsrelaterte hjerteproblem eller ein ny kreft seinere i livet.
Resultata framheva også at nokre pasientgrupper vil ha større nytte av protonterapi enn andre. For prostatapasientar for eksempel er risikoen for behandlingsrelatert kreft seinere i livet generelt lav og det vil i tillegg vere mindre forskjellar mellom protonterapi og annan moderne strålebehandling som tilbys i Noreg i dag for denne pasientgruppa.
Camilla Hanquist Stokkevåg
Disputerte 2. september i år med doktogradsavhandling innan medisinsk fysikk der ho undersøkte i kva grad risiko for seinskader kan forventast å bli redusert med protonterapi. Hun er no postdokter ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk (finansiert av Kreftforeningen).